Sigurd Christian Brinch () var ein norsk næringsdrivar og politikar frå Oslo, busett i Arendal. Han representerte partiet Høgre på Stortinget frå 1934 til -45.

Far hans, Johan Hønen, var overbanemeister i Hovudjarnbanene. Sjølv tok han eksamen ved Aars og Voss skole i hovudstaden i 1892 og der etter ved Chalmerska Institutet i Göteborg i 1896. Same året fekk han jobb i Hovudjarnbanen, seinare arbeidde han på Kykkelsrudanlegget til 1900. Åra 1900-06 var «assistent engineer» i Natal Government Railways i Natal og Zululand. Han vende då heim til Noreg og var byggeleiar på ulike vasskraftanlegg; Tyssefallene 1906-09, Lifossen i Telemark 1909-12 og Bøylefoss 1912-14. Frå 1912 var Brinch administrerande direktør i Arendals Fossekompani.

Brinch var bystyremedlem i Arendal frå 1928 til 1945, meste tida med plass i formannskapet. Hausten 1933 vart han vald til stortingsmann frå kjøpstadene i Telemark og Aust-Agder, attvald i 1936. Alle sesjonane på Stortinget var han sekretær i Skog- og vassdragskomiteen. Den 9. april 1942 vart han fengsla og skulda for sabotasje, då okkupasjonsmakta meinte han hadde skulda for at det var lite vatn i vassdraget. Han vart sett fri etter ei vekes tid. I 1945 møtte han ikkje på Stortinget og vart erstatta av Erling Johansen.

Brinch var styreformann i Arendals Vassdrags Brukseierforening frå 1915 og medlem i Norekomiteen av 1917.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar for byane i Telemark og Aust-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Lokalpolitikarar i Arendal Kategori:Høgrepolitikarar i Aust-Agder Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Folk frå Arendal