Gordon Milne () er ein engelsk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Preston. Han var ein defensiv midtbanespelar på Liverpool FC sitt lag i tida 1960-67.
Spelar Klubbspel Milne var frå 1956 aktiv i Preston North End. Sommaren 1960 vart han overført til eit anna 2. divisjonslag, Liverpool FC. Her bidrog han til at Liverpool vart eit topplag som vart ligameister 1964 og 1966, og vann FA-cupfinalen 1965. Perioden 1967-70 var han Blackpool-spelar.
Landslagsspel Milne spelte 13 landkampar åra 1963 og 1964, fem i 1963 og åtte i 1964. Hausten 1963 var han ein av Englands utvalde i kampen mot resten av verda, i samband med hundreårsjubileet til dete engelske fotballforbundet (Football Association). Han skåra ikkje på landslaget.
Merittar Engelsk ligameister: 1964 og 1966 med Liverpool FC Vinnar av FA-cupen: 1965 med Liverpool FC (spelte ikkje finalen) Finalist i Cupvinnarcupen: 1966 med Liverpool FC
Trenar Frå 1970 til 1986 var Milne sjef for fleire ulike lag i heimlandet. Sidan trente han tre ulike klubblag i Tyrkia fram til 1999, avbrote av eit år i Japan.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gordon Milne» frå , den 18. juli 2024.
eu-football eu-football National Football Teams
Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Liverpool-spelarar Kategori:Preston-spelarar Kategori:Blackpool-spelarar