høgre|mini|Ein navahofamilie utanfor vinterbustaden. Navahofolk eller navahoar er ei stamme av eit urfolk i USA. Navahoane held til i grenseområdet mellom dei amerikanske statane Arizona, Utah og New Mexico. Ein stor del av navahoane bur på Navajo-reservatet i dette området. Reservatet dekker omtrent 70 000 km². Navahostamma er den største urfolknasjonen i Nord-Amerika og tel meir enn 300 000 medlemmar.Donovan, Bill. Census: Navajo enrollment tops 300,000. Navajo Times 7 July 2011 (retrieved 8 July 2011)"Arizona's Native American Tribes: Navajo Nation." University of Arizona, Tucson Economic Development Research Program. Retrieved 19 Jan 2011.

Namn Ordet «navaho» kjem frå hopi-språket, og tyder «tjuv». Hopiane var dominerande i sørvestområdet før navahoane kom hit, og gav nykomarane dette namnet. Når det vert stava navajo, kjem det av spansk ortografi - J-en skal uttalast som ein litt raspande h.

På sitt eige språk navaho kallar folkegruppa seg «diné», som tyder «folket». I dag ynskjer mange navahoar å kallast diné.http://www.navajo-nsn.gov/

Geografi Navaho-reservatet er i nordausthjørnet av Arizona, men strekkjer seg òg inn i Utah og New Mexico. Innanfor reservatområdet finn ein hopi-reservatet, Canyon dei Chelly og Monument Valley.

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Navahoer» frå , den 18. desember 2017.

Bakgrunnsstoff http://www.navajo-nsn.gov/

Kategori:Urfolk i USA Kategori:Arizona