Svend Olaus Stray () var ein norsk handelsmann frå Kristiansand som representerte byen på stortinga 1851 og 1859-60.

Stray var son til ein kjøpmann. Sjølv var han handelsfullmektig i over 40 år. Han var medlem av bystyret i Kristiansand frå 1845, forlikskommissær, styremedlem i sparebanken frå 1855 og Noregs Bank si avdeling i Kristiansand frå 1863. Frå 1838 og livet ut var han kasserar for pensjonsselskapet «De gamle og efterladtes venner».

Gjennom heile 1850-talet var Stray ein av dei fremste kandidatane ved valtinga for Kristiansand. Til Stortinget 1851 vart han såleis vald til 1. representant og til 1859-60-tinget til 3. representant. Han var i 1851 medlem i Næringskomite nr. 1 og i Jarnbanekomiteen, i 1859-60 i Næringskomite nr. 2.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Folk frå Kristiansand