Trysilgutten IL, til vanleg kalla berre Trysilgutten, er eit idrettslag i Trysil rekna som verdas eldste skiklubb. Han blei stifta 20. mai 1861 som Trysil Skytte- og Skiløberforening. På 1870-talet gjekk skyttarane ut av klubben og stifta Trysilfjeld Skytterlag. Det gjenståande idrettslaget endra då namn til Trysil Skiklub. Etter at nye idrettar kom inn blei namnet endra att i 1890 Trysil Idrætsforening. Etter at turn blei lagd til 1912 blei namnet Trysil Turn- og Idrætslag. I 1940 fekk laget sitt noverande namn, Trysilgutten.

I dag omfattar idrettslaget skiidrettane langrenn, hopp, skiskyting og kombinert i tillegg til friidrett, handball, turn, orientering og fotball.

Nokre kjende utøvarar frå klubben er Anita Moen, Per Bakken, Elling Rønes, Halvor Næs og Johan Sætre.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Trysilgutten» frå , den 25. desember 2017.

Trysilgutten ILs hjemmeside

Kategori:Skiklubbar i Noreg Kategori:Fotballag i Innlandet Kategori:Idrettslag i Innlandet Kategori:Idrett i Trysil Kategori:Skipingar i 1861 Kategori:Tennisklubbar i Noreg