Karianne Christiansen () var ein norsk alpin skirennar som vann ti NM-gull i tida 1968-72, tre i både slalåm og storslalåm og to kvar i utforrenn og i kombinasjonsøvinga. Ho var medlem av Sportsklubben Njård.

Christiansen tok si fyrste NM-medalje då ho som 17-åring fekk bronse i storslalåm på Oppdal i 1966. To år seinare vart ho norsk meister i slalåm i Ørsta og sikra seg bronsemedaljar i storslalåm og utfor. I 1969 vann ho både slalåm, storslalåm og kombinasjonen under noregsmeisterskapen i Hemsedal, og tok sølv i utforrennet. Ved VM i alpine greiner 1970 i Garmisch-Partenkirchen kom Christiansen på tiandeplassen i utfortevlinga og vart nummer åtte i kombinasjonen. Seinare i 1970-sesongen kopierte ho under NM på Oppdal medaljehausten frå forrige sesong med tre gull og eitt sølv, sølvmedaljen kom i storslalåm. Under NM i alpine greiner 1971 på Voss rann ho inn til triumf både i storslalåm og utfor. Vinteren 1972 deltok ho i Vinter-OL i 1972 i Sapporo og vart som best nr 21 i utforrennet. Christiansen avslutta sine år som aktiv med å vinne gullmedaljen i storslalåm under NM 1972 på Bjorli i Oppland, framfor unge Toril Førland.

Karianne Christiansen omkom 27 år gammal i ei ulukke med bil ved Gol.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar.

Kategori:Norske alpinistar Kategori:Noregsmeistrar i alpine greiner Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1972 Kategori:Døde i trafikkulukker Kategori:Folk frå Tønsberg