Manuel Mariano Melgarejo Valencia () var president av Bolivia frå 28. desember 1864 til 15. januar 1871.
Melgarejo var fødd i Tarata i Cochabamba-departementet som uekte son av ein spansk-bolivianar og ei quechuakvinne. Han gjorde karriere i hæren, og deltok i fleire militæropprør. Etter ein feila oppreist i 1854 mot Manuel Isidoro Belzu blei han tiltalt for høgforræderi, men benåda av presidenten etter å ha skulda alkoholpåverking for at han tok del i oppreisten.
General Melgarejo støtta styre til Linares (1857–61) og kjempa deretter for den opprørske generalen José Maria de Achá, som blei president i 1861. I desember 1864 gjorde han sjølv opprør mot Achá. Han overvann både styrkane til Achá og dei til tidlegare president Belzú, og utropte seg sjølv til president av Bolivia. Ettersom Belzú framleis kontrollerte delar av landet og hæren, stelte Melgarejo i stand eit møte med han der han i følgje dei fleste kjelder sjølv drap den tidlegare presidenten.
Melgarejo blei kjend som ein hard tyrann, og blei til slutt kasta av ein samla opposisjon. 15. januar 1871 blei han kasta av hærsjefane, general Agustín Morales. Han flykta i eksil i Lima i Peru. 23. november same året blei han drepen av Aurelio Sánchez, broren til elskarinna si.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mariano Melgarejo» frå , den 30. desember 2017.
Klein, Herbert. The American Finances of the Spanish Empire: Royal Income and Expenditures in Colonial Mexico, Peru and Bolivia, 1680-1809. (1998). Albuquerque: University of New Mexico Press, pp. 136.
Kategori:Bolivianske presidentar