mini|Reklame for Dr. Tichenor's Antiseptic frå 1895.

Antiseptikk (av gresk ἀντί anti, 'mot' og σηπτικός sēptikos, 'rotnande') er ein metode eller behandling som går ut på å drepa sjukdomsframkallande mikroorganismar, særleg bakteriar. Middel som verker antiseptisk blir kalla antiseptika. Nokre døme på dette er jod, fenol og kloramin.

Antiseptika blir vanlegvis brukt på levande vev, som hud, for å redusera fare for infeksjon, sepsis eller rotning. Ein skil dei som regel frå antibiotika, som trygt kan drepa bakteriar inne i kroppen, og desinfeksjonsmiddel, som kan brukast mot mikroorganismar på overflater til ting som ikkje lever. Nokre antiseptika drep mikrobar (baktericid), medan andre er bakteriostatiske og berre stoppar eller saktnar veksten deira. This source provides a summary of antiseptic techniques as understood at the time.

Metoden blei utvikla av den britiske kirurgen Joseph Lister i 1867, og førte til ein revolusjon innan kirurgi. På operasjonsstova i dag er antiseptikken i stor grad, men ikkje heilt, avløyst av aseptikk, der ein unngår skadelege mikroorganismar gjennom sterilisering.

Danskfødde Henry Jacques Garrigues introduserte antiseptisk obstetrikk til Nord-Amerika.

I Noreg blei antiseptikken innført av Julius Nicolaysen i 1889.

Kjelder

Kategori:Medisinsk terminologi Kategori:Hygiene