mini|Utsyn over verdsutstillinga. Måleri av Édouard Manet, no ved Nasjonalgalleriet. mini|Verdsutstillinga i Paris i 1867 Verdsutstillinga i Paris i 1867 (fransk Exposition Universelle) var ei verdsutstilling som blei halden på Champ-de-Mars i Paris frå 1. april til 31. oktober 1867. Ho var den sjuande verdsutstillinga i rekka.
utstillarar frå ei rekkje land tok del i utstilllinga, som blei vitja av over 9 millionar menneske.
Norsk deltaking Verdsutstillinga i Paris i 1867 var den første der vertskapet stilte nasjonale paviljongar til disposisjon for deltakarane. Det var eigne hus i parken der ein kunne visa nasjonal folkekultur. Noreg deltok i utstillinga med eit stabbur. På denne tida var Noreg i union med Sverige, og hadde ikkje nokon eigen utenrikspolitikk. Det blei derfor viktig for kultur og næringsliv å visa seg fram i utlandet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Verdensutstillingen i Paris (1867)» frå , den 4. januar 2018.
Paris 1867 Kategori:Verdsutstillingar i Paris Kategori:Hendingar i 1867 Kategori:1867 i Frankrike