Nicoline Berg Kaasin () er ein norsk songar og dansar.

I 2008 var ho med i konkurransen om hovudrolla i Grease på TVNorge, der ho kom på 2. plass.

I 2015 var ho med i TV2-programmet The Voice. Her imponerte ho alle dei 4 dommarane, som ynskte å jobbe vidare med ho. Ho valde til slutt Sondre Lerche som mentor.(no-nb) Nicoline enda opp som finalist i konkurransen.

I 2016 deltok ho i NRK sin Stjernekamp, der ho kom heilt til finalen. Ho enda på 2. plass, etter Knut Anders Sørum.

Berg Kaasin er éin av ti finalistar i den norske Melodi Grand Prix-finalen send på NRK 10. mars 2018. Låten ho skal delta med heiter «Light Me Up», og er skriven av Berg Kaasin saman med Johan Larsson (OnklP & De Fjerne Slektningene) og Emilie Adams (The Stream).

+DISKOGRAFIÅrTittel2016No Suitcase2016Real Life2017Znap2018 Light Me Up2022Maskorama duet

Referansar

Kategori:Folk frå Bærum Kategori:Norske songarar