Elizabeth Fry () var ein britisk kvekar, fengselsreformator og velgjerar.

Ho var fødd som Elizabeth Gurney i ein velståande kvekarfamilie i Norwich. I 1800 gifta ho seg med bankmannen Joseph Fry, også ein kvekar, som ho fekk elleve barn med. Etter giftarmålet budde Fry i London.

I 1811 blei ho predikant i kvekarsamfunnet, og fekk eit ry som ein framifrå talar.Svensk uppslagsbok, Malmö 1932

I 1813 vitja Fry Newgate Prison i London, der meir enn 300 kvinner og barna deira var fengsla i skitne og overfylte kår. Etter dette engasjerte ho seg for å forbetra tilhøva i fengsla i landet. Ho skipa organisasjonar for fangane og for forbetring av kåra deira. Ho la vekt på å hjelpa dei med å utvikla evner dei kunne forsørga seg sjølv med utanfor fengselet, som å sy. Samstundes overtalte ho autoritetsfigurar til å gjera kåra til kvinner som var fengsla eller dømde til å transporterast til Australia betre. I 1818 talte ho om fengelstilhøva for ein parlamentskomité, og blei dermed den første kvinna til å presentera prov i det britiske parlamentet. Arbeidet hennar vekte merksemd i utlandet, og Newgate blei mellom anna vitja av Fredrik Vilhelm IV av Preussen.

Fry arbeidde også for heimlause og helseven. Etter å ha sett den livlause kroppen til ein gut vinteren 1819/20 skipa ho nattherberge for heimlause i London. I 1840 opna ho ein sjukepleieskule. Denne inspirerte Florence Nightingale, som tok ei gruppe sjukepleiarar frå denne skulen for å hjelpa såra soldatar under Krimkrigen. Fry arbeidde også for å betra pleia for mental sjukdom. Saman med andre kvekarar var Fry også aktivt med på å prøva å avvikla slaveriet.

Verk (Utval) 1827: Observations on the visiting, superintendence and government, of female prisoners 1831: Texts for every day in the year, principally practical & devotional 1841: An address of Christian counsel and caution to emigrants to newly-settled colonies

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Elizabeth Fry» frå , og «Elizabeth Fry» frå den 18. januar 2018.

Kategori:Kvinner på 1800-talet Kategori:Britar frå 1800-talet Kategori:Folk frå Norwich Kategori:Britiske velgjerarar