Emese Hunyady () er ein ungarsk-austerriksk skeiseløpar frå Budapest som representerte Austerrike frå 1985. Ho vart europameister 1993, verdsmeister i firkamp 1994 og olympisk meister på 1500 meter i Lillehammer-OL 1994.
Hunyady slo seg opp i verdseliten på skeiser i OL-sesongen 1992. Ho kom då på andreplassen både i EM og i firkamp-VM, begge meisterskapane avvikla i Heerenveen. Ved Vinter-OL 1992 i Albertville sikra ho seg bronsemedaljen på 3 000 meter. I 1993 vann Hunyady i Heerenveen europmeisterskapen, medan ho vart nummer to i firkamp-VM i Berlin. Vinteren 1994 enda ho på tredjeplass under EM på Hamar, før ho ein månad seinare steig heilt til topps på sigerspallen etter firkamp-VM i Butte i USA. Eit par veker etter verdsmeisterskapen var ho tilbake på OL-isen i Hamar, der ho fyrst tok sølvmedaljen på 3 000 meter for så å vinne OL-gullet på 1500-meteren. I 1999 kneip ho gullmedaljen på 1500 meter under VM i enkeltdistansar.
Hunyady la opp etter 2003-sesongen. Saman med sin andre ektemann, den finske skeiseløparen Timo Järvinen, busette ho seg i Sveits.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Emese Hunyady» frå , den 20. januar 2018.
Kategori:Ungarske skeiseløparar Kategori:Austerrikske skeiseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Austerrike Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Austerrike Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Austerrike Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Ungarske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1984 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1992 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1994 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1994 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1998 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2002 Kategori:Folk frå Budapest