In Loving Memories: The Jerry Lee Lewis Gospel Album er eit studioalbum av Jerry Lee Lewis. Det kom ut på Mercury Records i 1971.

Lewis hadde alltid hatt eit auge til gospel og var stadig i personleg konflikt mellom gudstrua si og kjærleiken til «djevelens musikk».

Lewis produserte albumet sjølv me systera si Linda Gail Lewis, som skreiv på baksida av omslaget at «Jerry Lee har alltid spelt si eiga form for gospel.» I tillegg til dei vanlege krem-musikarane som akkompagnerte han på dei førre countryalbuma på Mercury, hadde Lewis med seg Jordanaires og Nashville Sounds. Albumet inneheld kjende gospelsongar, som «I'll Fly Away» og «Lily of the Valley» i tillegg til tre songar skrivne av Linda Gail og manageren til Lewis, Cecil Harrelson.

In Loving Memories kom ut 1. januar 1970 og marknadsført av Mercury. Albumet klatra til 18. plassen på countrylista til Billboard. Greg Adams frå AllMusic meinte «My God's Not Dead» og «I'll Fly Away» var dei beste på albumet.

Innhald

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «In Loving Memories: The Jerry Lee Lewis Gospel Album» frå , den 27. januar 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Jerry Lee Lewis-album Kategori:Gospelalbum Kategori:Mercury Records-album