Eurovision Song Contest 2019 (ESC 2019), offisielt 64. Eurovision Song Contest, var den 64. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart arrangert på International Convention Center i Tel Aviv i Israel, etter at Israel vann tevlinga i Eurovision Song Contest 2018. Semifinalane var 14. og 16. mai og finalen 18. mai. Programleiarar for Eurovision Song Contest 2019 var Bar Refaeli, Erez Tal, Assi Azar og Lucy Ayoub.

Førtiein land deltok i Eurovision Song Contest 2019. Opphavleg var det førtito land som skulle deltake i tevlinga, men den 27. februar 2019 kom meldinga om at Ukraina hadde trekt seg frå tevlinga. Ukraina skulle ha deltake i den fyrste semifinalen.

Etter ein røysteprosess basert på eit format med 50 prosent juryrøyster og 50 prosent telefonrøyster, vann Nederland tevlinga for femte gong, med «Arcade» av Duncan Laurence. Sverige vann juryrøystinga, med Nord-Makedonia på andre plass og Nederland på tredje plass. Noreg vann telefonrøystinga, med Nederland på andre plass og Italia på tredje plass. Dette var Nederland sin fyrste siger sidan 1975, då Teach-In vann med songen «Ding-a-dong».

Attendevendande artistar til tevlinga Serhat representerte San Marino i Eurovision Song Contest i 2016 med låta «I Didn't Know», og enda på tolvteplass i den fyrste semifinalen.

Tamara Todevska representerte Nord-Makedonia i Eurovision Song Contest i 2008 med låta «Let Me Love You», saman med rapparane Vrtsjak og Adrian. Dei enda på tiandeplass i den andre semifinalen.

Sergej Lazarev representerte Russland i Eurovision Song Contest i 2016 med låta «You Are The Only One», og enda på tredjeplass i finalen.

Joci Pápai representerte Ungarn i Eurovision Song Contest i 2017 med låta «Origo», og enda på åttandeplass i finalen.

Nevena Božović representerte Serbia i Junior Eurovision Song Contest i 2007, med låta «Piši mi», og enda på tredjeplass i finalen. Seks år seinare deltok ho i Eurovision Song Contest i 2013, som ein del av gruppa Moje 3, med låta «Ljubav je svuda». Dei enda på ellevteplass i den fyrste semifinalen.

Deltakande land Semifinale 1 Sytten land deltok i den fyrste semifinalen 14. mai. Eigentleg var det atten land som skulle ha deltake i semifinalen, men Ukraina trekte seg frå tevlinga. Frankrike, Israel og Spania framførte sine bidrag og røysta i denne semifinalen. # Land Artist Song Språk Omsetjing Poeng Plass 01 Tamta «Replay» Engelsk Spel om att14909 02 D mol «Heaven» Engelsk Himmel4616 03 Darude med Sebastian Rejman «Look Away» Engelsk Sjå bort2317 04 Tulia «Fire of Love (Pali się)» Polsk og engelsk Eld av kjærleik (Dei brenn)12011 05 Zala Kralj og Gašper Šantl «Sebi» Slovensk Seg sjølv1676 06 Lake Malawi «Friend of a Friend» Engelsk Venn av ein venn2422 07 Joci Pápai «Az én apám» Ungarsk Min far9712 08 ZENA «Like It» Engelsk Lik det12210 09 Nevena Božović «Kruna» Serbisk og engelsk Krone1567 10 Eliot «Wake Up» Engelsk Vakn opp7013 11 Oto Nemsadze «Sul tsin iare» Georgisk og abkhasisk Gå på6214 12 Kate Miller-Heidke «Zero Gravity» Engelsk Null tyngdekraft2611 13 Hatari «Hatrið mun sigra» Islandsk Hatet vil sigra2213 14 Victor Crone «Storm» Engelsk Storm1984 15 Conan Osíris «Telemóveis» Portugisisk Mobiltelefonar5115 16 Katerine Duska «Better Love» Engelsk Betre kjærleik1855 17 Serhat «Say Na Na Na» Engelsk og tyrkisk Sei na, na, na1508

Semifinale 2 Atten land deltok i den andre semifinalen 16. mai. Sveits fekk tildelt plass i denne semifinalen etter ynskje frå den sveitsiske kringkastaren. Italia, Storbritannia og Tyskland framførte sine bidrag og røysta i denne semifinalen. # Land Artist Song Språk Omsetjing Poeng Plass 01 Srbuk «Walking Out» Engelsk Går ut4916 02 Sarah McTernan «22» Engelsk −1618 03 Anna Odobescu «Stay» Engelsk Bli8512 04 Luca Hänni «She Got Me» Engelsk Ho fekk meg2324 05 Carousel «That Night» Engelsk Den kvelden5015 06 Ester Peony «On a Sunday» Engelsk På ein søndag7113 07 Leonora «Love Is Forever» Engelsk, fransk, dansk og tysk Kjærleik er for alltid9410 08 John Lundvik «Too Late for Love» Engelsk For seint for kjærleik2383 09 PÆNDA «Limits» Engelsk Grenser2117 10 Roko Blažević «The Dream» Engelsk og kroatisk Draumen6414 11 Michela Pace «Chameleon» Engelsk Kameleon1578 12 Jurijus «Run with the Lions» Engelsk Spring med løvene9311 13 Sergej Lazarev «Scream» Engelsk Skrik2176 14 Jonida Maliqi «Ktheju tokës» Albansk Vend tilbake til landet969 15 KEiiNO «Spirit in the Sky» Engelsk og nordsamisk Ånda i himmelen2107 16 Duncan Laurence «Arcade» Engelsk Arkade2801 17 Nord-Makedonia Tamara Todevska «Proud» Engelsk Stolt2392 18 Chingiz «Truth» Engelsk Sanning2245

Finalen # Land Artist Song Språk Omsetjing Poeng Plass 01 Michela Pace «Chameleon» Engelsk Kameleon10714 02 Jonida Maliqi «Ktheju tokës» Albansk Vend tilbake til landet9017 03 Lake Malawi «Friend of a Friend» Engelsk Venn av ein venn15711 04 S!sters «Sister» Engelsk Syster2425 05 Sergej Lazarev «Scream» Engelsk Skrik3703 06 Leonora «Love Is Forever» Engelsk, fransk, dansk og tysk Kjærleik er for alltid12012 07 Serhat «Say Na Na Na» Engelsk og tyrkisk Sei na, na, na7719 08 Nord-Makedonia Tamara Todevska «Proud» Engelsk Stolt3057 09 John Lundvik «Too Late for Love» Engelsk For seint for kjærleik3345 10 Zala Kralj og Gašper Šantl «Sebi» Slovensk Seg sjølv10515 11 Tamta «Replay» Engelsk Spel om att10913 12 Duncan Laurence «Arcade» Engelsk Arkade4981 13 Katerine Duska «Better Love» Engelsk Betre kjærleik7421 14 Kobi Marimi «Home» Engelsk Heime3523 15 KEiiNO «Spirit in the Sky» Engelsk og nordsamisk Ånda i himmelen3316 16 Michael Rice «Bigger than Us» Engelsk Større enn oss1126 17 Hatari «Hatrið mun sigra» Islandsk Hatet vil sigra23210 18 Victor Crone «Storm» Engelsk Storm7620 19 ZENA «Like It» Engelsk Lik det3124 20 Chingiz «Truth» Engelsk Sanning3028 21 Bilal Hassani «Roi» Fransk og engelsk Konge10516 22 Mahmood «Soldi» Italiensk og arabisk Pengar4722 23 Nevena Božović «Kruna» Serbisk og engelsk Krone8918 24 Luca Hänni «She Got Me» Engelsk Ho fekk meg3644 25 Kate Miller-Heidke «Zero Gravity» Engelsk Null tyngdekraft2849 26 Miki «La venda» Spansk Bindet for auga5422

Sjå òg Junior Eurovision Song Contest 2019 OGAE Second Chance Contest 2019 Adresse Tel Aviv

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest

Kategori:Eurovision Song Contest

2019 Kategori:Musikktevlingar i 2019