mini|Plasseringa av provinsen i Romarriket. mini|Kart over Romersk Britannia.
Romersk Britannia er delar av dei britiske øyane som var okkuperte og kontrollerte av Romarriket i tidsrommet 43 og fram til rundt 410 e.Kr. Romarane omtalte sjølv provinsen som «Britannia». Før den romerske invasjonen hadde innbyggjarane på øya Storbritannia allereie kulturelle og økonomiske samband med Fastlands-Europa, men romarane introduserte ny utvikling og nye teknologiar innan jordbruk, urbanisering, industri og arkitektur, og etterlét seg ein arv som framleis er til stades i dagens Storbritannia.
Dei historiske nedteikningane og dokumentasjon frå før og under invasjonen er sparsame, sjølv om romerske historikarar nemner provinsen frå tid til anna. Det meste av kunnskapen om tidsepoken er derfor frå arkeologiske utgravingar og særleg studiar av innskrifter (epigrafikk).
Bakgrunn Britannia var ikkje ukjend for folk i antikken. Så tidleg som på 300-talet f.Kr. hadde grekarane, fønikarar og kartagarar handla tinn frå Cornwall.George Patrick Welsh (1963): Britannia: the Roman Conquest and Occupation of Britain, ss. 27-31 Grekarane refererte til Cassiterides («Tinnøyene»), og skreiv at desse øyene låg ein stad nær vestkysten av Europa.Herodot: Histories 3.115 Den kartagiske sjømannen Himilco skal ha vitja øyene på 400-talet f.Kr., og det same skal den greske utforskaren Pytheas frå Massalia på 300-talet f.Kr. Generelt blei likevel øyene sett på som ein mystisk stad som ein del antikke forfattarar tvilte på at i det hele tatt eksisterte.Plutarch:, Livet til Cæsar 23.2
Tidleg kontakt mini|venstre|Edward Armitage si framstilling av Julius Cæsar sin første invasjon.
Den første direkte romerske kontakten kom med den romerske generalen og framtidige diktatoren Julius Cæsar. Han gjennomførte to ekspedisjonar til Britannia i åra 55 og 54 f.Kr. som avleggjarar av erobringa av Gallia, fordi han meinte at britonarane i dagens England hadde bidrege til den galliske motstanden. Den første ekspedisjonen, som mest var ei form for rekognosering og sondering enn ein full invasjon, tok fotfeste på kysten av Kent, men utan kavaleri. Fordi ein storm i Den engelske kanalen øydela skipa hans, var det umogleg for romarane å avansera vidare. Om ekspedisjonen var militært mislukka var han likevel ein politisk suksess: Det romerske senatet erklærte 20 dagar offentlig ferie i Roma for å feira denne eineståande bedrifta ved å ta gislar frå Britannia, og fordi belgiske stammar blei overvunne då dei romerske styrkane igjen var tilbake på kontinentet.Julius Cæsar: Commentarii de Bello Gallico 4.20-36
I sin andre invasjon året etter tok Cæsar med seg ein betydeleg større hær og fortsette med «pisk og gulrot»-politikken; han inviterte innfødde stammar til å underkasta seg han og gje frå seg gislar i bytte mot fred. Ein vennlegsinna lokal høvding, Mandubracius, blei installert som leiar, og rivalen hans Cassivellaunus blei underkasta. Romarane tok med seg gislar, men historikarar er usamde om den tributten ein kom overeins om blei betalt av britonarane først etter at Cæsar hadde reist tilbake til Gallia med styrkane sine.Julius Cæsar: Commentarii de Bello Gallico 5.8-23 Cæsar hadde ikkje erobra noko territorium og hadde heller ikkje installert troppar, men han hadde etablert klientkongar på øya og hadde ført Britannia inn under den romerske sfæren av politisk påverknad.
Keiser Augustus planla invasjonar i 34, 27 og 25 f.Kr., men omstenda var aldri gunstige.Dio Cassius: Romersk historie 49.38, 53.22, 53.25 Tilhøvet mellom Britannia og Romerriket bestod av diplomati og handel. Strabon, som skreiv seint i styretida til Augustus, hevda at skattane på handelen førte til større årlege inntekter enn det ei erobring ville ha gjeve.Strabon: Geografi 4.5 Arkeologiske undersøkingar har vist ein auke i importerte luksusvarer til det søraustlege Britannia på denne tida.Keith Branigan (1987): The Catuvellauni Strabon nemner også britonske kongar som sende ambassadørar til Augustus, og Augustus sin eigen Res Gestae Divi Augusti refererer til to britiske kongar han tok imot som flyktningar.Augustus: Res Gestae Divi Augusti 32 Då ein del av Tiberius sin flåte blei ført til Britannia av ein storm under krigføringa hans i Germania i år 16 blei desse sende tilbake til han av lokale høvdingar, og det blei fortald forteljingar om store uhyre.Tacitus: Annalene 2.24
Roma verke å ha oppmuntra til ein maktbalanse i sørlege Britannia ved å støtta to mektige kongedøme: Catuvellaunarar (Catuvellauni), styrt av etterkomarane til Tasciovanus, og atrebatarar (Atrebates), styrt av etterkomarane til Commius.John Creighton (2000): Coins and power in Late Iron Age Britain, Cambridge University Press Denne politikken blei følgd fram til år 39 eller 40, då keisar Caligula tok imot eit forvist medlem av catuvellaunarane, og keisaren sette i gang ein invasjon av Britannia. Denne invasjonen som kollapsa under farseaktige omstende allereie før invasjonshæren hadde forlate Gallia. Han skal ha stilt opp styrkane sine i slagformasjon i Gallia, vend mot Den engelske kanalen, og gjeve dei ordre om å angripa sivet i vasskanten. Han fekk så soldatane til å samla skjel som blei teke til Roma som «krigsbytte».Sveton: Caligula 44-46; Dio Cassius: Romersk Historie 59.25 I 43 utførte Claudius eit felttog som var vellukka, og provinsen Britannia blei formelt oppretta. Også denne gongen var det offisielle målet å gje støtte til ein landflyktig britonsk herskar, denne gongen Verica frå atrebatarane.
Den romerske invasjonen mini|Romarane går i land ved kysten av Kent. Frå History of England, Vol. I, 1909 Invasjonsstyrken i 43 var leia av Aulus Plautius.Cassius Dio: Romersk historie 60.19-22 Det er ikkje kjend kor mange romerske legionar som blei sende. Berre ein legion, II Augusta under kommando av den framtidige keisaren Vespasian, er dokumentert å ha deltatt.Tacitus: Histories 3.44 IX Hispana,Tacitus: Annalene 14.32 XIV Gemina (seinare kalla Martia Victrix) og XX (seinare kalla Valeria Victrix)Tacitus: Annalene 14.34 er attestert å ha teke del under Boudicca sitt opprør i 60 og 61. Det er sannsynleg at dei hadde vore der sidan den innleiande invasjonen, men den romerske hæren var svært fleksibel med eininga som blei brukt og flytta når det var nødvendig, slik at dette ikkje er sikkert. Berre Legio IX Hispana er sannsynleg i å ha blitt stasjonert der, fordi det er attestert at denne legionen stod ved Eburacum (York) i 71. Legionen er nemnd på ein bygningsinskripsjon der, datert 108, før dei siste øydeleggjande kampane i aust, truleg under Bar Kokhba-opprøret.Webster, Graham: The Roman Imperial Army of the first and second centuries A.D. University of Oklahomah Press, ny utg. av 3. reviderte utgav. 1998 ISBN 978-0806130002. Side 66
Invasjonen blei forseinka då det braut ut mytteri blant troppane, men dei ble til slutt overtydde av ein frigjeven slave om at det ikkje var farleg å kryssa havet og kjempa bortanfor grensene av den kjende verda. Dei sigla i tre divisjonar og gjekk truleg i land ved Richborough i Kent, men det er også blitt føreslått at ein del av invasjonsstyrken gjekk i land på sørkysten, i Fishbourne-området i West Sussex.For eksempel, Manley, John: AD 43: The Roman Invasion of Britain: a Reassessment, 2002.
Romarane sigra over catuvellaunarane og deira allierte i to slag: det første, dersom dei gjekk i land ved Richborough, var ved elva Medway og det andre på Themsen. Ein av catuvellaunaleirane, Togodumnus, blei drepen, men bror hans Caratacus overlevde og fortsette motstanden seinare. Plautius stoppa ved Themsen og sende bud til Claudius om forsterkingar, inkludert artilleri og elefantar, for den endelege marsjen mot catuvellaunahovudstaden Camulodunum (Colchester). Den framtidige keisaren Vespasian nedkjempa og underkasta den sørvestlege delen av England.Sveton: Vespasian 4 Cogidubnus blei innsett som konge over fleire territorium,Tacitus: Agricola 14 og det blei gjort avtalar med stammar utanfor det området som kom inn under direkte romersk kontroll.
Plautius blei så den fyrste guvernøren i provinsen. Dei britiske styrkane under Caratacus blei slått ved hovudstaden sin Camulodunum (dagens Colchester). Caratacus nekta å overgi seg, og flykta til ordovikane sitt område i 47. Han oppmana stamma til å kjempe mot romarane, og tapte med sine nye styrkar nok eit slag i 50. Han flykta igjen, denne gongen til brigantarane si dronning Cartimandua. Ho såg at romarane var overlegne, og overleverte Caratacus til dei. Han blei så teken til Roma i lekkjer.
Styringa av provinsen
Fredelege romerske provinsar var underlagde det romerske senatet, men dei som trong permanente garnisonar, som Britannia, var under keisarleg kontroll. Lokalt blei provinsane styrte av guvernørar, som var tidlegare konsular. Dei hadde gjerne både militær og administrativ bakgrunn, og dei som blei sende til urolege provinsar blei gjerne valde ut spesielt på grunn av dei militære evnene sine. Den viktigaste oppgåva til guvernørane av Britannia var å sikre militær kontroll, men dei skulle også sørgje for diplomatisk kontakt med klientkongar, byggje vegar, sørgje for at kurersystemet fungerte, overvake byane og fungere som dommar i viktige saker.
Guvernøren hadde ein assistent, legatus iuridicus, som var rådgivar i juridiske saker. I Britannia ser det ut til at desse legatane var valde blant framståande juristar, spesielt fordi det var vanskeleg å finne ein modell for innføring av det romerske skattesystem i provinsen. Den finansielle administrasjonen var underlagd ein prokurator. Legionane hadde kvar sin kommandant, som var underlagd guvernøren. I spesielt urolege tider kunne kontrollen over eit område bli overlaten til kommandantar, slik at avgjerder raskt kunne takast lokalt.
Den fyrste hovudstaden i provinsen var sannsynlegvis Camulodonum, noverande Colchester, men Londinium (London) tok raskt over på grunn av dei gode handelssambanda byen hadde.
Konsolidering mini|Rekonstruksjon av festning nær Newcastle I dei fyrste tjue åra var det romerske styret brutalt, og dette førte til at icenerane under dronning Boadicea gjorde opprør i 61. Trinovantane og catuvellaunarane slutta seg til, og alliansen gjekk til åtak på den romerske kolonien Camulodunum. Dei plyndra og brann byen, og drap alle innbyggjarar dei fekk tak i, både menn, kvinner og barn. Guvernøren, Gaius Suetonius Paulinus, måtte overlata byen til opprørarane. Legionen XIV Gemina slutta seg til han, og etter at Boadicea hadde plyndra også Verulamium og Londinium møtte romarane opprørsstyrken på slagmarka. Dei romerske styrkane vann ein knusande siger, og truleg tok Boadicea kort tid etter sitt eige liv.
Gjennom mykje av tida med romersk styre heldt dei store styrkane fram å vere i provinsen. Det var vanleg at den som blei utnemnd til guvernør for ein uroleg provins hadde gjort teneste som konsul fyrst, og fleire av dei som var guvernørar og legatar enda seinare som keisarar, mellom desse Vespasian, Pertinax og Gordian I.
I åra etter icenaropprøret heldt romarane fram med erobringa av stadig meir land. I 78 slo den nyinnsette guvernøren Gnaeus Julius Agricola ordovikane, og utsletta stamma. Han gjekk deretter nordover, og slo i 84, sitt siste år som guvernør, caledonarane i slaget ved Mons Graupius. Kort tid etter blei han tilbakekalla til Roma, og styrken i Britannia trekte seg tilbake til ei linje mellom Firth of Forth og Firth of Clyde, som var lettare å forsvare.
Skottland mini|Hadrians mur ved Housesteads Det finst ingen gode kjelder til tiåra etter at Agricola forlet øyane. Til og med namnet på etterfølgjaren hans er usikkert, men ein meiner at det var Sallustius Lucullus. Somme romerske fort sør for linja Forth-Clyde blei ombygde og utvida, mens andre ser ut til å ha blitt forlatne. Romerske myntar og keramikk funne i det skotske låglandet tyder på ei aukande romanisering i tida før år 100.