«Shoppin' for Clothes» er ein R&B-song i talking blues-stil, spelt inn av den amerikanske vokalgruppa The Coasters i 1960. Songen vart opphavleg tilskriven Elmo Glick, som er eit pseudonym som Jerry Leiber og Mike Stoller brukte. Dei produserte òg songen, som var delvis basert på songen «Clothes Line (Wrap It Up)» frå 1956, skriven av Kent Harris og spelt inn av han som Boogaloo and his Gallant Crew. Harris fekk seinare status som medlåtskrivar på «Shoppin' for Clothes.»
Bakgrunn og innspeling Jerry Leiber fekk ideen til innspelinga då Billy Guy frå The Coasters fortalte han om ein song han hadde høyrt på radio, om ein mann om shoppa etter klede. Guuy hadde husga noko av teksten, men ikkje verken songtittelen eller kven om spelte han. Leiber klarte ikkje å finne den originale innspelinga, og skreiv ein ny tekst kring same tema, og nytta tekstlinjene so Guy hadde hugsa. Jerry Leiber, Mike Stoller, David Ritz, Hound Dog: The Leiber & Stoller Autobiography, Simon and Schuster, 2010, pp.133-135 Matt Powell, «Buddy, that Suit is You: Shopping for Clothes with Kent “Boogaloo” Harris», Humor In America, 28 February 2014. Henta 17. februar 2018
Stoller skreiv og arrangerte musikken, som var i eit meir langsamt tempo enn den tidlegare songen til Harriss. Gruppa spelte inn songen den 29. juli 1960 i Atlantic Studios i New York City. Guy tok rolla som kjøparen og bassongaren Will «Dub» Jones var seljaren. Andre musikarane var gruppemedlemmane Carl Gardner og Cornell Gunter med Stoller (piano), King Curtis (tenorsaksofon), Sonny Forriest og Phil Spector (gitar), Wendell Marshall (bass) og Gary Chester (trommer). Claus Röhnisch, «The Coasters - Session Discography». Henta 17. februar 2018
Utgjeving og ettermæle Songen vart gjeven ut på Atco Records i september 1960, men nådde ikkje høgare enn 83. plassen på Billboard Hot 100. Some eksemplar av singelen vart kalla «Clothes Line», og var tilskriven Harris. «Shoppin' For Clothes», Discogs.com. Henta 17. februar 2018 Etter forlaget til Harris, American Music, truga med søksmål om brot på opphavsretten, fekk Harris tildelt status som låtskrivar på songen i lag med Leiber og Stoller.
Andre artistar som seinare spelte inn songen var Steve Gibbons Band, The Flying Pickets og Darts.«Shoppin' for Clothes», SecondhandSongs.com. Henta 17. februar 2018
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Shoppin' for Clothes» frå , den 17. februar 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1960 Kategori:Singlar frå 1960 Kategori:Songar skrivne av Jerry Leiber og Mike Stoller Kategori:The Coasters-songar Kategori:Atco Records-singlar Kategori:The Flying Pickets-songar