«Daddy's Home» er ein kjend song av den USA-amerikanske doo-wop-gruppa Shep and the Limelites. Songen vart skriven av ei tre medlemmane i bandet, James «Shep» Sheppard, Clarence Bassett og Charles Baskerville. Gruppa spelte inn originalversjonen av «Daddy's Home» den 1. februar 1961 og han vart gjeven ut på Hull Records i mars 1961 med B-sida «This I Know».
«Daddy's Home» nådde andreplassen på Billboard Hot 100 i mai 1961.
Seinare songar av bandet var ikkje like populære, men selde likevel godt.AllMusic, Shep & the Limelites Biography Henta 19. februar 2016.
Del av songsyklus Songen er ein del av ein songsyklus og Sheppard var den første som skreiv ein songsyklus i rock and roll-samanheng. Han fortalte soga om eit forhold, som byrjar med at han går heim til jenta si, dei giftar seg, feirar jubileum og møter på problem. Songane som fortel denne soga var «A Thousand Miles Away», «500 Miles to Go», begge med The Heartbeats; og fortsette med «Daddy's Home», «Three Steps from the Altar,» «Our Anniversary» og «What Did Daddy Do?» for Shep and the Limelites.«Shep and the Limelites.» The Guinness Encyclopedia of Popular Music, Volume 3. Enfield, England: Guinness Publishing Ltd., 1992, s. 2247.
Kontrovers Kahl Music som var forleggjar for «A Thousand Miles Away», ein tidlegare song skriven av Sheppard, saksøkte Keel Music, forleggjaren for «Daddy's Home», for brot på opphavsretten. Keel tapte til slutt, og dette førte til slutten for The Limelites og Hull Records i 1966.
Andre versjonar Songen vart spelt inn av andre artistar som P.J. Proby (1970), Jermaine Jackson (1972), Toots and the Maytals (Funky Kingston 1973), Junior English og Cliff Richard (1981).
Jermaine Jackson Jermaine Jackson spelte inn ein suksessrik versjon av songen med Jackson 5 på korvokal. Songen nådde niandeplassen på Billboard Hot 100 i USA i mars 1973.
Cliff Richard-versjonen
Den britiske songaren Cliff Richard gav ut eit konsertopptak av singelen i jula 1981. Songen var den andre singelen frå albumet Wired for Sound i 1981.
Songen vart ein internasjonal hit og nådde andreplassen på UK Singles Chart, tredjeplassen i Irland og 23. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100 i mars 1982 (nesten tjue år eter den originale utgåva til Shep and the Limelites). Songen nådde òg åttandeplassen i Australia, fjerdeplassen på New Zealand, åttandeplassen i Belgia og 14. plassen i Nederland. I Storbritannia selde singelen til gullplate for over 500 000 selde eksemplar.
Det vart laga ein musikkvideo til singelen.Cliff Richard - «Daddy's Home» (video clip)
Årslister Liste (1981)PlassStorbritannia (OCC)76
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Daddy's Home» frå , den 21. februar 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1961 Kategori:Songar frå 1981 Kategori:Singlar frå 1981 Kategori:Cliff Richard-songar Kategori:Paul Anka-songar Kategori:Freddy Fender-songar