«Detour (There's A Muddy Road Ahead)» er ein Western swing-ballade skriven av Paul Westmoreland i 1945. Den originale versjonen vart gjeven ut av Jimmy Walker med Paul Westmoreland and His Pecos River Boys i byrjinga av november 1945.Billboard, November 3, 1945

Spade Cooley med Tex Williams på vokal fekk ein stor hit med songen i 1946, då han låg 11 veker inne på countrylista og nådde andreplassen. Andr artistar som har hatt ein hitversjon med songen i 1946 var Wesley Tuttle, Elton Britt og Foy Willing.

Ein kjend versjon av songen vart spelt inn av Patti Page i 1951. Denne gjekk inn på Billboard-lista 4. august 1951 og låg på lista i 16 veker med ein femteplass som høgaste plassering.

Andre versjonar av songen er spelt inn av Bill Haley & His Comets, Ella Fitzgerald med Herb Ellis, Dean Martin i 1965 på albumet hans Houston og ein instrumentalversjon av Duane Eddy på albumet Have 'Twangy' Guitar Will Travel (1958).

I 2016 spelte Cyndi Lauper inn «Detour» med Emmylou Harris til albumet Detour.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Detour (song)» frå , den 25. februar 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Western swing-songar Kategori:Songar frå 1945 Kategori:Singlar frå 1945 Kategori:Bill Haley-songar Kategori:Patti Page-songar Kategori:Duane Eddy-songar Kategori:Dean Martin-songar Kategori:Willie Nelson-songar Kategori:Cyndi Lauper-songar Kategori:Emmylou Harris-songar Kategori:The Ventures-songar