«Along the Navajo Trail» er ein country/popsong, skriven av Dick Charles (pseudonym for Richard Charles Krieg), Larry Markes og Eddie DeLange i 1945.

Det var tittelsongen til Roy Rogers-filmen Along the Navajo Trail i 1945. Songen vart òg nytta i filmen Don't Fence Me In same året då han vart sungen av Roy Rogers og Sons of the Pioneers. Medlemmar av Western Writers of America valde songen til ein av dei 100 beste Western-songane gjennom tidene. Hitversjonar av songen i 1945 vart spelte inn av Bing Crosby og The Andrews Sisters (innspelt 29. juni 1945) (andreplass); Gene Krupa (vokal av Buddy Stewart) (sjuandeplass) og Dinah Shore (sjuandeplass).

Songen er blitt spelt inn av mange andre artistar, som: Duane Eddy - på albumet Especially for You (1959). Fats Domino (1963)http://www.fatsonline.nl/domino.html 2.2014 The Honey Dreamers Steve Kuhn og Toshiko Akiyoshi Frankie Laine - på albumet Hell Bent for Leather! (1961). Riders in the Sky Roy Rogers (1945). Bob Wills and the Texas Playboys Sam Cooke - på albumet Encore (1958). Hot Club of Cowtown, 2011

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Along the Navajo Trail (song)» frå , den 25. februar 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Western-musikk Kategori:Songar frå 1945 Kategori:Songar om stader Kategori:Songar skrivne av Dick Charles Kategori:Songar skrivne av Larry Markes Kategori:Songar med tekst av Eddie DeLange Kategori:Bing Crosby-songar Kategori:The Andrews Sisters-songar Kategori:Duane Eddy-songar Kategori:Fats Domino-songar Kategori:Frankie Laine-songar Kategori:Roy Rogers-songar Kategori:Bob Wills-songar Kategori:Sam Cooke-songar Kategori:Dinah Shore-songar