«Morgen» er ein populær tysk song frå 1959, opphavleg framført (på tysk) av Ivo Robić and The Song-Masters. Songen er skriven av Peter Moesser, og vart ein hit i Tyskland, og seinare i USA der han i 1959 nådde 13. plassen på hitlista.

Ein engelsk versjon, kalla One More Sunrise (tekst av Noel Sherman) vart gjeven ut av Leslie Uggams, Vera Lynn og andre artistar på denne tida. Den einaste artisten som nådde topp 20 i Storbritannia var versjonen til Dickie Valentine i oktober til desember 1959 med ein 14. plass som høgast plassering.

The Ventures spelte inn ein instrumentalversjon for debutalbumet deira i 1960, Walk, Don't Run.The Ventures discography

Bing Crosby spelte songen i 1961 på albumet Holiday in Europe og Petula Clark song songen i 1965 på albumet hennar The World's Greatest International Hits.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Morgen (Ivo Robic song)» frå , den 26. februar 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1959 Kategori:Singlar frå 1959 Kategori:Tyskspråklege songar Kategori:Polydor Records-singlar Kategori:Laurie Records-singlar Kategori:The Ventures-songar Kategori:Petula Clark-songar Kategori:Bing Crosby-songar Kategori:Vera Lynn-songar Kategori:Songar med tekst av Noel Sherman