Verdsmeisterskapen i ishockey 1958 fann stad på Jordal Amfi i Oslo og gjekk føre seg i dagane frå 28. februar til 9. mars 1958. Meisterskapen vart avvikla som ein seriemeisterskap der dei åtte deltakarlanda møttest i innbyrdes oppgjer. Canada vart verdsmeister etter å ha vunne alle sine sju kampar, framfor Sovjetunionen på sølvplass og med Sverige på bronseplassen. Noregs landslag vart nummer sju.
Canada slo Sovjetunionen 4-2 i kampen som avgjorde gullstriden. Både den kampen og kampen Noreg - Polen, som enda 8-3, vart spelt den 9. mars. Canada sitt mannskap bestod av spelarar frå klubblaget Whitby Dunlop, med venstrevengen Sid Smith som den mest kjende.
Tabell
Lag Kampar Siger Uavgj. Tap Mål Poeng 7 7 0 0 82 - 6 14 7 5 1 1 44 - 15 11 7 5 0 2 46 - 22 10 7 3 2 2 21 - 21 8 7 3 1 3 29 - 33 7 7 1 1 5 46 - 22 3 7 1 0 6 12 - 44 2 7 0 1 6 14 - 65 1
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Eishockey-Weltmeisterschaft 1958» frå , den 28. februar 2018.
Arbeiderbladet 10.3.1959
Kategori:Ishockey-VM Kategori:Ishockey i 1958 Kategori:Sport i Noreg i 1958 Kategori:Idrettstilskipingar i Oslo Kategori:Internasjonale meisterskap i Noreg