King of the Surf Guitar er det andre studioalbumet til surferockratisten Dick Dale, gjeven ut i 1963. Det inneheld både originale songar og coverversjonar.

Dick Dale var i ferd med å bli ein av dei største rock and roll-stjernene i California i 1962, då han fekk kontrakt med Capitol Records, som gav ut albumet hans Surfers' Choice på ny. Dei sendte han inn i studio for å spele inn nye songar, som vart til dette albumet.

Albumet opnar med den kvinnelege vokalgruppa The Blossoms (med Darlene Love). Capitol ønskte eit album som inneheldt litt for alle, ikkje berre surfemusikkfansen, og inkluderte folkeviser («Greenback Dollar»), rock & roll-songar («Kansas City»), countrystandardar («You Are My Sunshine»), balladar («If I Never Get to Heaven») og fleire vokale spor. I følgje Allmusic «gjorde Dale det han kunne for å sprøyte inn den kraftige personlegdomen sin inn i kvar melodi». Vidare skreiv dei «Albumet skin på melodiar når Dale får spele gitar for fullt, og 'Hava Nagila', '(Ghost) Riders in the Sky' og 'Mexico' er blant dei mest forrykande han spelte inn for selskapet.»

Innhald

Medverkande Dick Dale – sologitar Art Munson – gitar Rene Hall – gitar Glen Campbell – gitar Barney Kessell – gitar Nick O'Malley – gitar Ray Sambra – bass Bryan Dietz – bass Leon Russell – piano Bill Barber – piano Hal Blaine – trommer Jack Lake – trommer Jerry Stevens – trommer Jerry Brown – saksofon Lee Farrell – saksofon Larry Gillette – saksofon Risdon Gwartney – saksofon Barry Rillera – saksofon Armon Frank – saksofon The Blossoms – korvokal

Kjelder Denne artikkelen bygger på «King of the Surf Guitar» frå , den 2. mars 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1963 Kategori:Dick Dale-album Kategori:Musikkalbum produserte av Voyle Gilmore Kategori:Capitol Records-album