Terje Moe Gustavsen () var ein norsk embetsmann og Ap-politikar. Frå 12. november 2007 var han vegdirektør og øvste leiar for Statens vegvesen.
Gustavsen var statssekretær ved Statsministerens kontor i Regjeringa Jagland i 1997 og samferdsleminister i Regjeringa Stoltenberg I frå 17. mars 2000 til 19. oktober 2001.
Gustavsen arbeidde i ulike stillingar i Postverket mellom 1970 og 1987. Frå 1981 til 1987 hadde han verv som sekretær, nestleiar og leiar i Oslo-avdelinga av Den norske Postorganisasjon. Perioden 1987 til 1990 var han sekretær i Statstjenestemannskartellet og mellom 1990 og 1999 leiar i LO Stat (tidlegare Statstjenestemannskartellet). Han sat i sentralstyret til Arbeidarpartiet i 1992-1999.
Mellom 1999 og 2000 var Gustavsen strategidirektør i Telenor Installasjon og Service. Frå 2002 til 2005 var han direktør i arbeidsgjevarforeninga NAVO, og var personaldirektør i SAS Braathens frå 2005 til 2007. I 2007 var han ein kort periode tilsett i Arbeidsgiverforeningen Spekter som spesialrådgjevar.
Blant fleire område i virket som vegdirektør var tryggleik i trafikken eit innsatsområde som Gustavsen var spesielt oppteken av. Som leiar var han ein aktiv pådrivar i kampen mot trafikkulykker. Som samferdselsminister var det han som fremma Nullvisjonen for Stortinget, som vart vedteken i 2002. Då Gustavsen overtok som vegdirektør i 2007 mista 233 livet på norske vegar. Talet hadde gått ned til 108 i 2018. Under Gustavsen var Noreg blitt eit føregangsland innan trafikktryggleik, og dei fire siste åra hadde Noreg den lågaste risikoen for å mista livet i trafikken i Europa, ifølge European Transport Safety Council.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Terje Moe Gustavsen» frå , den 4. mars 2018, revisjon 18147902
Kategori:Norske vegdirektørar Kategori:Norske samferdsleministrar Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Stoltenberg I Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Jagland Kategori:Statssekretærar frå Ap Kategori:Norske fagforeiningsleiarar Kategori:Folk frå Larvik