Ratchaburi (thai , uttala ) eller Rat Buri () er eit fylke vest i Thailand. Det grensar til Kanchanaburi, Nakhon Pathom, Samut Sakhon, Samut Songkhram og Phetchaburi. I tillegg grensar det til Tanintharyi-regionen i Myanmar i vest. Tenasserim-åsane er ei naturleg grense.

Fylkeshovudstaden er Ratchaburi. Elva Mae Klong renn gjennom sentrum av byen.

I 2018 var det 873 518 innbyggarar i fylket.

Toglinjer Toglinja mellom Narathiwat og Bangkok-Thonburi-stasjonen, også kalla Sør-bana, har stasjonar i fylket. Bana går sørover via Phetchaburi-fylket og nordover via Nakhon Pathom-fylket. Det går også to sidelinjer, ei som ender i Suphan Buri-fylket og Nam Tok-bana («Burma-bana»), som no berre ender opp i Kanchanaburi-fylket. mini|venstre|Frå Chet Samian i Ratchaburi.

Kjelder

Kategori:Fylke i Thailand