Chris Curtis () var ein engelsk trommeslagar og songar i beatbandet The Searchers i 1960-åra. Han var òg med å skape bandet Roundabout, som utvikla seg til å bli Deep Purple.

Biografi Curtis var temperamentsfull og hadde stundom raseriutbrot,Allmusic-biografi og dominerte The Searchers, ikkje berre som musikar og låtskrivar, men òg med personlegdomen sin. Det var då han slutta i bandet at bandet slutta å produsere hittar. Tre av dei fire første singlane deira gjekk til topps på den britiske hitlista.

Curtis spelte inn ein solosingel då han slutta i The Searchers, kalla «Aggravation». Han skipa Deep Purple då han førte saman Ritchie Blackmore, Nick Simper og Jon Lord som medlemmar av The Roundabout, men spelte ikkje sjølv lenge i bandet, og heldt ein relativt låg profil etter dette.

Kjelder

Kategori:Engelske rocketrommeslagarar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Engelske trommeslagarar Kategori:Musikarar frå Liverpool