Takk ... er det fjerde studioalbumet åt det islandske post rock-bandet Sigur Rós.

Musikk og tekster I motsetning til det førre albumet, ( ), som vart sunge på vonlenska, er dei fleste tekstene på Takk ... skrivne på islandsk. Unntaka er songane «Andvari», «Gong» og «Mílanó» – dei blir sunge på vonlenska.

Ulike taktartar blir brukt i stor grad på albumet. Eit døme er «Andvari»: der gjentek melodien seg kvart 27. slag, med trykk på det fyrste, femte, niande, ellevte, sekstande, tjuande og tjuefemte slaget.

Mottaking Sigur Rós fekk tre prisar ved Íslensku tónlistarverðlaunin, tilsvarande den norske Spellemannsprisen, i 2006. Dei vann «beste albumdesign» (saman med Ísak Winther, Alex Somers and Lukka Sigurðardóttir), «beste alternative gruppe» og «beste rockealbum» for Takk ....

Bruk i media BBC har brukt fleire songar frå Takk ... i programma sine. «Hoppípolla» var bakgrunnsmusikk i trailerar for serien Planet Earth, og i rulleteksta til «Match of the Day», dagens kamp, under FA-cupfinalen. «Sæglópur» vart brukt i reklame for Wimbledonturneringa i 2006, og delar av «Sæglópur», «Milanó», «Gong» og «Svo hljótt» i Top Gear. «Sæglópur» var brukt i ein trailer og i TV-reklame for spelet Prince of Persia frå Ubisoft. Det internasjonale bilsportforbundet brukte «Hoppípolla» i 2009, på slutten av deira gjennomgang av Formel 1-sesongen.

«Hoppípolla» er brukt i fleire filmar som We Bought a Zoo og Penelope.

Den britiske artisten Chicane laga ein progressiv trance-remiks av «Hoppípolla» kalla «Poppiholla» i 2009.

Sporliste Alle songane er skrivne av Sigur Rós. «Mílanó» er skrive i samarbeid med kvartetten Amiina.

Nr. Songtittel Norsk tydingOmsetjingane er hovudsakleg gjort frå dei engelske omsetjingane i artikkelen Takk... med hjelp av ISLEX-ordboka. Lengd 1 Takk ... Takk ... 1:57 2 Glósóli Glødande sole 6:15 3 Hoppípolla Hoppe i pyttar 4:28 4 Með blóðnasir Med naseblod 2:17 5 Sé lest Eg ser eit tog 8:40 6 Sæglópur Borte på havet 7:38 7 Mílanó Milano 10:25 8 Gong Gong 5:33 9 Andvari Vinddrag 6:40 10 Svo hljótt Så stille 7:24 11 Heysátan Høysåta 4:09

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Takk ...» frå , den 20. mars 2018. Kjeldene er dels frå den engelske artikkelen:

Kategori:Musikkalbum frå 2005 Kategori:Sigur Rós-album Kategori:Islandske musikkalbum Kategori:Islandskspråklege album