The Hollies er eit britisk pop- og rockeband som vart eit av dei leiande britiske banda i 1960- og 1970-åra. Singlane deira låg samla sett 231 veker på den britiske singellista i 1960-åra, det niande høgaste for alle artistar dette tiåret. Bandet vart skipa av Allan Clarke og Graham Nash i 1962 som ei Merseybeat-gruppe i Manchester, sjølv om somme bandmedlemmer kom frå byar lenger nord. Graham Nash slutta i 1968 for å bli med i supergruppa Crosby, Stills & Nash.

Dei var ganske så populære i mange land (minst 60 singlar eller EP-ar og 26 album gjekk inn på listene ein eller annan stad i verda, i løpet av ein periode på fem tiår), sjølv om dei ikkje hadde noko særleg suksess i USA før 1966 med «Bus Stop». The Hollies hadde over 30 singlar som gjekk inn på UK Singles Chart, og 22 som gjekk inn på Billboard Hot 100, og dei større hittane på begge sider av Atlanteren var mellom andre «Just One Look», «Look Through Any Window», «I Can't Let Go», «Bus Stop», «Stop Stop Stop», «On a Carousel», «Carrie Anne», «Jennifer Eccles» og seinare «He Ain't Heavy, He's My Brother», «Long Cool Woman in a Black Dress» og «The Air That I Breathe».

Dei er eit av få band frå tidleg i 1960-åra, i lag med The Rolling Stones, som aldri har blitt oppløyst og som framleis er aktive. The Hollies vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2010.Letterman update, The Boston Globe, 17. desember 2009

Opphav The Hollies oppstod som ein duo skipa av Allan Clarke og Graham Nash, som var bestevener frå barneskulen og byrja å spele i lag under skiffle-bølgja seint i 1950-åra.Dawn Eden, 30th Anniversary essay, 1993. mars in 30th Anniversary Collection. Etter kvart vart Clarke og Nash ein vokal- og gitarduo på same måte som The Everly Brothers under namnet «Ricky and Dane Young.» Med dette namnet slo dei seg saman med eit lokalt band, The Fourtones, bestod av Pete Bocking (gitar), John 'Butch' Mepham (bass), Keith Bates (trommer) og Derek Quinn (gitar). Då Quinn slutta for å bli med i Freddie and The Dreamers i 1962, slutta òg Clarke og Nash og slo seg saman med eit anna band frå Manchester, The Deltas, som bestod av Vic Steele på sologitar, Eric Haydock på bassgitar og Don Rathbone på trommer, som akkurat hadde tapt to medlemmar (inkludert Eric Stewart, som slutta for å bli med eit «profesjonelt» band, The Mindbenders).

The Deltas kalla seg først «The Hollies» for ein konsert i desember 1962 i Oasis Club i Manchester. Det har blitt føreslått at Eric Haydock gav gruppa dette namnet i samband med ein julekrans av kristtorn, som heiter «holly» på engelsk, men i eit intervju i 2009 sa Graham Nash at gruppa like før valde å kalle seg sjølv «The Hollies» fordi dei var store tilhengjarar av Buddy Holly. I 2009 skreiv Nash «Me kalla oss The Hollies, etter Buddy og jula.»2009 Graham Nash Reflections :: Introduction to autobiographical liner/CD booklet

1963-1968 I januar 1963 spelte The Hollies på Cavern Club i Liverpool, der dei vart oppdaga av ein assisterande produsent hos Parlophone, Ron Richards, som hadde vore involvert i den førte innspelinga til Beatles. Richards tilbaud dei prøvespel for Parlophone, men Steele ønskte ikkje å bli «profesjonell» musikar og slutta i bandet i april 1963. Dei henta då inn Tony Hicks for å erstatte Steele for prøvespelinga. Hicks spelte i bandet The Dolphins frå Nelson, der òg Bobby Elliott spelte trommer og Bernie Calvert spelte bass. Ikkje berre fekk The Hollies kontrakt av Richard, som fortsette å produsere bandet fram til 1976, og ein gong til i 1979, men ein song frå prøvespelinga, ein versjon av The Coasters-singelen «(Ain't That) Just Like Me» i 1961, vart gjeven ut som debutsingelen deira i mai 1963 og nådde 25. plassen på UK Singles Chart.

Den andre singelen deira, ein annan song av The Coasters, denne gongen «Searchin'» frå 1957, nådde 12. plassen. På dette tidspunktet, etter å ha spelt inn berre åtte songar for Parlophone, valde òg Rathbone å slutte i bandet, og Hicks fekk det til at bandkollegaen hans frå Dolphins, Bobby Elliott erstatta han som den nye trommeslagaren i The Hollies i august 1963. Dei fekk så sin første hit på Topp 10 i Storbritannia tidleg i 1964 med ein versjon av Maurice Williams and the Zodiacs sin «Stay», som nådde åttandeplassen. Denne var henta frå debutalbumet til bandet på Parlophone, Stay with The Hollies, som kom ut 1. januar 1964, og som nådde andreplassen på den britiske albumlista. Ein versjon av albumet kom ut i USA som Here I Go Again, på det amerikanske selskapet til The Hollies, Imperial.

The Hollies vart kjend for å spele inn andre sine songar, og dei følgde opp med «Just One Look» (Februar 1964, 2. plass i Storbritannia), ein song som alt hadde vore inne på Topp 10 i USA som ein hit for Doris Troy. Hittane heldt fram med «Here I Go Again» (mai 1964, 4. plass i Storbritannia). Det var no byrja å bli interesse for bandet i Nord-Amerika og versjonar av Stay With The Hollies, med desse to singlane lagt til, vart gjevne ut i både Canada (av Capitol Records) og USA (av Imperial Records), der tittelen var endra til Here I Go Again. Som det andre bandet på Parlophone, The Beatles, var albuma The Hollies gav ut i Nord-Amerika forskjellige frå albuma dei gav ut i Storbritannia.

The Hollies byrja no å skrive og spele sine eigne songar, stort sett skrivne av Clarke, Nash og Hicks, og produsenten Richards let dei omsider få gje ut sin sjølvskrivne song, «We're Through» (sep. 1964, 7. plassen i Storbritannia) (tilskriven pseudonymet, «L. Ransford», namnet på bestefaren til Graham Nash. Det same var alle dei tidlege komposisjonane deira). Denne vart følgd opp av to nye coverversjonar, «Yes I Will» (Jan. 1965, 9. plassen i Storbritannia) og til slutt Clint Ballard jr.-songen «I'm Alive» (mai 1965, den første topplasseringa i Storbritannia, 103. plass i USA, 11. plass i Canada). Det andre albumet deira, In The Hollies Style (1964), gjekk ikkje inn på albumlista til BBC, men nådde albumlista til New Musical Express. Ingen av songane kom ut i USA, men ein versjon kom ut i USA i lag med dei britiske singlane.

Til slutt slo The Hollies gjennom i Nord-Amerika med ein original song dei hadde fått Graham Gouldman frå Manchester til å skrive for dei. «Look Through Any Window» (Sept. 1965, 4. plassen i Storbritannia) vart gjennombrotet for The Hollies i USA, der han nådde 32. plassen på hitlista i januar 1966. Songen nådde òg 3. plassen i Canada, som var den første Topp 10-plasseringa deira der. Oppfølgjaren deira, ei original innspeling av George Harrison sin «If I Needed Someone» (desember 1965), selde dårleg då The Beatles valde å gje ut sin eigen versjon på Rubber Soul. Singelen nådde berre 20. plass i Storbritannia og vart ikkje gjeven ut i Nord-Amerika. Det tredje albumet deira, berre kalla Hollies, nådde åttandeplassen i Storbritannia i 1965, men under namnet Hear! Here!, gjekk det ikkje inn på lista i USA, trass i at det inkluderte singlane «Look Through Any Window» og «I'm Alive».

The Hollies vende så attende til den britiske Topp 10-lista med «I Can't Let Go» (feb. 1966, 2. plass i Storbritannia, 42. plass i USA). Det fjerde albumet deira, Would You Believe?, inneheld denne hitten og nådde 16. plassen på albumlista i 1966. Dette kom ut i USA under namnet Beat Group!, men nådde ikkje Topp 100 der.

Det braut så ut ein krangel mellom The Hollies og leiinga deira over det bassisten Eric Haydock meinte var for store salær til leiinga. Haydock valde derfor å ta seg ein pause frå gruppa. Medan han var borte henta gruppa inn The Beatles-venen Klaus Voorman for nokre konsertar og dei spelte inn to singlar med andre på bass: Burt Bacharach-Hal David-songen «After the Fox» (Sep. 1966), med Peter Sellers på vokal, Jack Bruce på elektrisk bass og Burt Bacharach sjølv på klaverinstrument, og var kjenningsmelodien til Sellers-filmen med same namn (som selde dårleg), og «Bus Stop» (5. plassen i Storbritannia, 5. plassen i USA, juni 1966), om var ein annan Gouldman-song med Bernie Calvert, ein tidlegare bandkollega av Hicks og Elliott i The Dolphins, på bass. Calvert spelte òg på ein turné i Jugoslavia med bandet i mai 1966.

«Bus Stop» vart den første singelen til The Hollies som gjekk inn på Topp 10 i USA. Albumet Bus Stop vart dermed gjeven ut i Nord-Amerika med denne singelen og andre songar som bandet ikkje hadde gjevne ut før, og albumet nådde 75. plassen på albumlista. Sjølv om Haydock viste seg å ha rett i pengekrangelen, fekk han sparken i juli 1966 og Calvert vart verande.

Då Haydock slutta var Clark, Nash og Hicks med på ei innspeling av The Everly Brothers-albumet Two Yanks in England i lag med studiogitaristen Jimmy Page, bassisten John Paul Jones og pianisten Elton John. Dette bestod stort sett av coverversjonar av «L. Ransford»-songar. Etter The Everly Brothers-albumet stoppa The Hollies å publisere originale songar under eit pseudonym, og frå et punktet og fram til den siste singelen til Nash med The Hollies i 1968, var alle A-sidene deira originale songar, utanom den siste singelen i Nash-perioden, «Listen To Me» (1968) som var skriven av Tony Hazzard.

I oktober 1966 vart det femte albumet til gruppa, For Certain Because (23. plass i Storbritannia, 1966), det første albumet deira som berre bestod av originale songar av Clarke, Nash og Hicks. Det kom ut i USA som Stop! Stop! Stop! og nådde 91. plassen der, og inneheldt ein singel som berre vart gjeven ut i USA, «Pay You Back with Interest», som vart ein liten hit med ein 28. plass på hitlista. Ein annan song, «Tell Me to My Face», vart ein moderat hit Mercury-artisten Keith, og vart òg spelt inn seinare på tiåret med Dan Fogelberg og Tim Weisberg på albumet deira Twin Sons of Different Mothers.

Samstundes fortsette The Hollies å gje ut ei rekkje internasjonale hitsinglar: «Stop Stop Stop» (okt. 1966, 2. plassen i Storbritannia, 7. plassen i USA) frå For Certain Because, kjend for det særeigne banjoarrangementet; «On a Carousel» (feb. 1967; 4. plassen i Storbritannia, 11. plassen i USA, 14. plassen i Australia)); «Carrie Anne» (mai 1967, 3. plassen i Storbritannia, 9. plassen i USA, 7. plassen i Australia).

I midten av 1967 kollapsa Bobby Elliot på scenen på grunn av blindtarmbetennelse. The Hollies vart tvungen til å fortsette turneen utan han, og brukte Tony Mansfield, Dougie Wright og Tony Newman i plassen for han på konsertane deira. Då dei byrja å spele det neste albumet sitt, brukte dei Wright, Mitch Mitchell og Clem Cattini. Albumet Evolution kom ut 1. juni 1967, same dagen som The Beatles gav ut Sgt Pepper's Lonely Hearts Club Band. Det var òg det første albumet som kom ut på det nye amerikanske selskapet deira, Epic. Det nådde 13. plassen i Storbritannia og 43. plassen i USA. Den amerikanske versjonen inneheld singelen «Carrie Anne». I tillegg hadde The Searchers og Paul and Barry Ryan begge hatt ein mindre hit i Storbritannia med ein song frå Evolution, «Have You Ever Loved Somebody» i 1967.

I 1967 deltok The Hollies på Festival di San Remo med songen «Non prego per me», skriven av dei italienske låtskrivarane Lucio Battisti og Mogol.

Nash forsøkte å utvide den musikalske horisonten til bandet med den meir ambisiøse songen «King Midas in Reverse», som berre nådde 18. plassen på den britisek hitlista. The Hollies gav så ut det ambisiøse og psykedeliske albumet Butterfly, som i USA vart kalla King Midas in Reverse/Dear Eloise, men som ikkje gjekk inn på listene nokon stad. Som svar skreiv Clarke og Nash ein nesten «tyggegummipopsong», «Jennifer Eccles» (kalla opp etter konene deira) (mars 1968, 7. plassen i Storbritannia og 40. plassen i USA, og 13. plassen i Australia), som vart ein hit. The Hollies donerte ein Clarke-Nash-song, «Wings», til No One's Gonna Change Our World, eit velgjerdsalbum til støtte for World Wildlife Fund, i 1969.

Terry Sylvester erstattar Graham Nash