Hollies er det tredje studioalbumet til The Hollies for Parlophone. Dette vert òg kalla Hollies '65 for å skilje det frå eit album med same tittel frå 1974. Albumet nådde åttandeplassen på albumlista i Storbritannia. Opphavleg vart albumet berre gjeve ut i mono, men kom ut i stereo med tittelen Reflection i 1969.I 1997 gav EMI ut både mono- og stereomiksen av albumet på same CD.
Av tolv songar på albumet vart berre «So Lonely» gjeven ut på singel i Storbritannia, og då var han berre B-sida til hitten «Look Through Any Window» i 1965, ein song spelt inn samtundes med resten av albumet. På originalalbumet var fem av tolv songar skrivne av bandet sjølv, på den tida tilskriven pseudonymet «L. Ransford», men i røynda skrivne av Allan Clarke, Tony Hicks og Graham Nash. Restne er coverlåtar. I Skandinavia vart «Very Last Day» og «Too Many People» gjevne ut på singel, og den førstnemnte vart ein stor hit i Sverige og ein halvstor i Noreg.
Songen «Put Yourself in My Place» (skriven av Clarke, Hicks og Nash) vart òg spelt inn av Episode Six som debutsingelen deira i 1966.
Innhald
Merk: Alle songar skrivne av bandmedlemmane vart kreditert til «L. Ransford».
Hear! Here! (Amerikansk versjon)
Meir enn eitt år etter The Hollies gav ut debutalbumet sitt i USA, Here I Go Again, inspirererte sukssen med singelen «Look Through Any Window» (den første til The Hollies på Topp 40 i USA) Imperial Records til å gje ut eit nytt album med bandet.
I november 1965 gav Imperia ut Hollies med eit litt anna innhald, og under namnet Hear! Here!. Den amerikanske versjonen kom utan «Fortune Teller» og «Mickey's Monkey» frå Hollies og la til singlane «I'm Alive» og «Look Through Any Window». Sporlista vart òg omarrangert, slik at singlane start kvar si side.
Sjølv om albumet tydeleg er den amerikanske utgåva av Hollies, nytta den amerikanske utgåva plateomslaget frå den britiske utgåva av In The Hollies Style, som aldri kom ut i USA.
«Mickey's Monkey» kom seinare ut i 1966 på albumet Bus Stop, men «Fortune Teller» vart ikkje gjeve ut i USA før i 1990-åra. I 2010 vart monoversjonen av plata gjeven ut på 180-grams vinyl i USA av Sundazed Records.
Innhald
Love N' Flowers (Kanadisk versjon)
I 1967 overførte The Hollies dei amerikanske og kanadiske rettane til ny musikk frå bandet til Epic Records. I motsetnad til Imperial Records i USA, hadde ikkje Capitol Canada gjeve ut ein versjon av Hollies då det kom ut i 1965, og valde i staden å gje ut ei redigert utgåve av eit nesten år gammalt album, In The Hollies Style. Men sjølv om dei fleste masterlydbanda var eigde av moderselskapet til Capitol Records, EMI, valde Capitol Canada å gje ut eit album for å konkurrere mot den første Epic-utgjevinga av The Hollies, Evolution. I november 1967, ein månad etter Evolution kom ut, gav Capitol Canada ut ei ny utgåve av Hollies med eit «blomsterbarn»-omslag og under namnet Love N' Flowers. Capitol Canada hadde tidlegare gjeve ut to songar frå Hollies («Very Last Day» og «Too Many People») på den kanadiske versjonen av Bus Stop, og eit tredje spor («Mickey's Monkey») hadde vore med på In The Hollies Style, slik at ni songar frå albumet ikkje var gjevne ut i Canada. Capitol Canada la til ein av songane dei ikkje hadde nytta frå den britiske utgåva av In The Hollies Style («I Thought of You Last Night») slik at albumet bestod av ti songar.
Dette var den siste nye utgjevinga i The Hollies-katalogen på Capitol Canada.
Innhald Side 1 «You Must Believe Me» «Put Yourself in My Place» «Down the Line» «That's My Desire» «Lawdy Miss Clawdy»
Side 2 «When I Come Home to You» «Fortune Teller» «So Lonely» «I've Been Wrong» «I Thought of You Last Night» (Ralph Freed) – 2:18
Medverkande The Hollies Allan Clarke – vokal, munnspel Bobby Elliott – trommer Eric Haydock – bassgitar Tony Hicks – sologitar, vokal Graham Nash – rytmegitar, vokal
Andre medverkande Ron Richards – produsent Alan Hawkshaw – piano på «Put Yourself in My Place»
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hollies (1965 album)» frå , den 21. mars 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1965 Kategori:The Hollies-album Kategori:Musikkalbum produserte av Ron Richards Kategori:Album spelte inn i Abbey Road Studios Kategori:Parlophone-album Kategori:EMI Records-album