mini|Limejuice med limeskiver. Limey er eit engelsk slanguttrykk for engelskmenn eller britar, særleg knytt til britiske skip, sjøfolk og innvandrarar. Ordet har ei historie som eit nedestjande uttrykk, men blir i dag rekna som gammaldags og blir hovudsakleg brukt som ein spøk.
Historie Omgrepet er avleidd frå lime-juicer, som viste til skikken med å gje sitron- eller limejuice til sjøfolk i den britiske marinen for å førebygga sjukdomen skjørbuk. Denne var blitt innført kring år 1800 etter eksperiment utførte av den skotske marinelegen James Lind.
Uttrykket lime-juicer er kjend i skrift frå midten av 1800-talet, då det i Nord-Amerika kunne visa til britiske skip og sjøfolk, og i Australia til folk som nyleg var komne til landet frå England. Limey er stadfesta nokre tiår seinare, som i diktet «Cathing The Coach» av australske Alfred Thomas Chandler:
Well, three mornings after, the stringybark gums All rustled their leaves with further surprise; They'd seen old stagers and limey new-chums, But here were galoots in peculiar guise[...]
Kjelder
Kategori:Engelske ord og uttrykk Kategori:Skjellsord