OS-9 er eit lektin som er involvert i endoplasmatisk retikulum-assosiert degradering (ERAD) av misfalda protein. Det kjenner att N-glykan som saknar den siste mannoseresten på C-greina. Det har eitt mannose-6-fosfat-reseptorhomologi (MRH)-domene.
I ERAD-prosessen leverer OS-9 misfalda protein til proteinet SEL1L. SEL1L er ein del av eit dislokon som fører misfalda protein over membranen til endoplasmatisk retikulum og ut i cytosol, der dei kan brytast ned av proteasom eller av avgrensa autofagi.
Kjelder
Kategori:Lektin