Geoffrey Arnold Beck () var ein engelsk rockegitarist. Han var ein av tre kjende gitaristar som spelte med The Yardbirds, der dei to andre var Eric Clapton og Jimmy Page. Beck skipa The Jeff Beck Group og med Tim Bogert og Carmine Appice skipa han Beck, Bogert & Appice.

Mykje av musikken til Beck var instrumental, med eit fokus på nyskapande lyd, og utgjevingane hans varierte i sjangrar frå bluesrock og hardrock til ein gitarbasert electronica. Sjølv om Beck spelte inn to hitalbum i 1975 og 1976 som soloartist, fekk han den same kommersielle suksessen som dei to andre gitaristane i Yardbirds. Beck spelte på album med Rod Stewart, Mick Jagger, Tina Turner, Morrissey, Jon Bon Jovi, Malcolm McLaren, Kate Bush, Roger Waters, Donovan, Stevie Wonder, Les Paul, Zucchero, Cyndi Lauper, Brian May, Stanley Clarke, Screaming Lord Sutch, ZZ Top og Toots and the Maytals.

Beck vart rangert som den femte beste gitaristen gjennom tidene av magasinet Rolling Stone, som har skildra han som ein av dei viktigaste sologitaristane i rocken,og var avbilda på framsida av magasinet tre gonger. Han vert ofte kalla «gitaristane sin gitarist». Beck har blitt mykje kritikarrost og fått Grammyprisen for beste rockeinstrumentalar seks gangar og beste popinstrumental ein gong. I 2014 fekk han den britiske Ivor Novello-prisen for bidraga sine til britisk musikk. Beck er blitt innlemma i Rock and Roll Hall of Fame to gonger: som medlem av The Yardbirds (1992) og som soloartist (2009).

Tidleg liv Geoffrey Arnold Beck var fødd den 24. juni 1944 av foreldra Arnold og Ethel Beck ved 206 Demesne Road i Wallington i England. Som tiåring song Beck i eit kyrkjekor. Han gjekk på Sutton Manor School. Som tenåring lærte han seg å spele på ein lånt gitar og gjorde fleire forsøk på å byggje sitt eige instrument, først med å lime og stifte saman sigarboksar til ein kasse og ein upolert gjerdestolpe som hals, med strengar frå eit modellfly og banda måla på. Då han laga ein hals på det andreforsøket brukte han mål frå ein bassgitar.

Beck har omtalt Les Paul som den første gitaristen som imponerte han. Beck har sagt at han først høyrde ein elektrisk gitar då han var seks år gammal og Paul spelte «How High the Moon» på radio. Då han spurte mora om kva det var svarte ho at det var ein elektrisk gitar og at det berre var lureri. Han sa «Det skal eg gjere». Cliff Gallup, sologitarist for Gene Vincent and the Blue Caps, var òg ei tidleg inspirasjonskjelde, etterfølgd av B.B. King og Steve Cropper.Intervju med VH1 History of Rock and Roll.

Då han var ferdig på skulen, studerte han ved Wimbledon College of Art, og arbeidde i korte periodar som målar og dekoratør, oppsynsmann på ein golfbane og billakkerar. Syster til Beck, Annetta, introdusere han for Jimmy Page då dei begge var tenåringar.https://www.bbc.co.uk/programmes/b0b0g902

Karriere

1960-åra Medan han framleis gjekk på Wimbledon College of Art spelte Beck i ei rekkje grupper, som Screaming Lord Sutch and the Savages i 1962 då dei spelte inn «Dracula's Daughter»/«Come Back Baby» for Oriole Records.

I 1963, etter at Ian Stewart frå The Rolling Stones introduserte han for RnB, skipa han The Nightshift som han spelte med på 100 Club i Oxford Street, og spelte inn ein singel, «Stormy Monday»/«That's My Story», for Piccadilly Records.

Beck slutta i Nightshift for å bli med i The Tridents i oktober1964. The Tridents spelte på The Walton Hop i Walton-on-Thames, og som akkompagnement for Walton Hop talentshow. Beck vart for ein kort periode med i The Rumbles, eit band frå Croydon, som sologitarist, og spelte Gene Vincent- og Buddy Holly-songar. Han viste der eit talent for å etterlikne gitarstilar. Seinare i 1963 vart han med i The Tridents, eit band frå Chiswick-området. «Dei var opp i gata mi fordi dei spelte rein R&B, som Jimmy Reed-ting, og me trykka til og gjorde det meir rockeprega. Eg likte godt det, sjølv om det berre var 12-taktsblues.» Han var studiogitarist på ein singel frå 1964 for Parlophone av The Fitz and Startz kalla «I'm Not Running Away» med B-sida «So Sweet».

I mars 1965 vart Beck henta inn av The Yardbirds som erstattar for Eric Clapton etter ei tilråding frå Jimmy Page, som hadde vore førstevalet deira. The Yardbirds spelte inn dei fleste hitsongane sine medan Beck var medlem. Han var berre med i bandet i 20 månader, men var med på ei albuminnspeling, Roger the Engineer (kalla Over Under Sideways Down i USA), som kom i 1966. Beck vart måla på plateomslaget til For Your Love, som kom ut på det amerikanske selskapet til The Yardbrds i juni 1965, sjølv om Clapton spelar på dei fleste songane. Frå september til november 1966 spelte både Beck og Page i The Yardbirds. Page kom først inn i bandet som bassist i juni det året. Eit klipp av denne utgåva av bandet er å sjå i den britiske filmen Blow Up frå 1966.

Beck fekk sparken under ein amerikansk turné med Yardbirds, fordi han ikkje alltid møtte opp til konsertane og vanskar med perfeksjonismen hans og det valdsame temperamentet. Etter å ha slutta i The Yardbirds, spelte Beck inn «Beck's Bolero» (med Jimmy Page, John Paul Jones, Nicky Hopkins og Keith Moon) og to solosinglar som vart hittar i Storbritannia, «Hi Ho Silver Lining» og «Tallyman». Han skipa så The Jeff Beck Group, som ein kort periode bestod av tidlegare Shadows-medlemmet Jet Harris på bass, Rod Stewart på vokal, Ronnie Wood på først rytmegitar og sidan bass, Nicky Hopkins på piano og, etter ei rekkje trommeslagarar, etter kvart Micky Waller tidleg i 1967.

Gruppa gav ut to album or Columbia Records (Epic i USA): Truth (august 1968) og Beck-Ola (juli 1969). Truth kom ut fem månader før det første Led Zeppelin-albumet, og inneheld «You Shook Me», ein song skriven og først spelt inn av Muddy Waters, som òg Led Zeppelin spelte på debutplata med eit liknande arrangement. Det selde godt (nådde 15. plassen på Billboard-lista). På Beck-Ola vart trommeslagaren Micky Waller erstatta av Tony Newman, og sjølv om det vart godt teken i mot, selde det ikkje så bra. Krangling og eit par hendingar på turneane deira førte til at gruppa vart oppløyst i juli 1969.

Nick Mason skreiv i sjølvbiografien sin at han i 1967 ønskte Beck som erstattar for Syd Barrett i Pink Floyd men «ingen av oss våga å spørje han.» I 1969, etter Brian Jones døydde, vart Beck spurt om å bli med i The Rolling Stones.

Etter gruppa hans vart oppløyst, tok Beck del i Music from Free Creek under namnet «A.N. Other» der han spelte sologitar på fire songar og skreiv ein song. I september 1969 slo han seg saman med rytmeseksjonen i Vanilla Fudge: bassisten Tim Bogert og trommeslagaren Carmine Appice (då dei var i England for å løyse eit kontraktsproblem), men då Beck fekk eit brot i hovudskallen etter ei bilulukke nær Maidstone i desember, vart planane lagt på is dei neste to og eit halvt åra, og Bogert og Appice skipa Cactus i mellomtida. Beck sa seinare om 60-åra: «Alle tenkjer på 1960-åra som noko dei ikkje var. Det var ei frustrerande tid i livet mitt. Det elektroniske utstyret var ikkje på linje med dei lydane eg hadde i hovudet mitt.»

1970-åra I 1970, då Beck hadde blitt frisk att, skipa han eit band med trommeslagaren Cozy Powell. Beck, Powell og produsenten Mickie Most flydde til USA og spelte inn fleire songar i det kjende Motown-studioet Studio A i Hitsville U.S.A. med The Funk Brothers, husbandet til Motown, men resultata er aldri blitt gjevne ut. I april 1971 hadde Beck fylt opp bandet sitt med gitaristen og vokalisten Bobby Tench, klaverspelaren Max Middleton og bassisten Clive Chaman. Det nye bandet spelte som «The Jeff Beck Group» men hadde ein heilt annan stil enn den første besetninga.

Rough and Ready (oktober 1971) var det første albumet dei spelte inn. Beck skreiv eller var medlåtskrivar på seks av dei sju songane på albumet (utanom ein skriven av Middleton) og dei inneheldt element av soul, rhythm-and-blues og jazz, som eit varsel om retninga musikken til Beck tok seinare i tiåret. mini|Beck i 1973 Eit andre album Jeff Beck Group (juli 1972) vart spelt inn i TMI Studio i Memphis i Tennessee med den same besetninga. Beck tok inn Steve Cropper som produsent og albumet var sterkt prega av soul. Fem av ni songar var coverlåtar av amerikanske artistar. Ein song, «I Got to Have a Song», var den første av fire Stevie Wonder-songar som Beck spelte inn. Kort tid etter albumet Jeff Beck Group kom ut, vart bandet oppløyst og manageren til Beck gav ut ei melding som sa: «Blandinga av musikkstilane til dei forskjellige medlemmane har vore ein suksess, men dei følte ikkje at det hadde ført til ein ny musikkstil med den styrken dei opphavleg hadde prøvd å få til.»

Beck byrja så å samarbeide med bassisten Tim Bogert og trommeslagaren Carmine Appice, som var ledige etter at Cactus vart oppløyst, men fortsette å turnere som The Jeff Beck Group i august 1972 for å fullføre turnékontraktar med ei besetning som bestod av Bogert, Appice, Max Middleton og vokalisten Kim Milford. Etter seks konsertar vart Milford erstatta av Bobby Tench, som vart flydd inn frå Storbritannia for ein konsert på Arie Crown Theatre i Chicago og resten av turneen, som enda ved Paramount North West Theatre i Seattle. Eter turneen slutta Tench og Middleton i bandet og powertrioen Beck, Bogert & Appice opptod: Appice tok rolla som vokalist, medan Bogert og Beck stundom medverka med vokal.

Dei spelte på Rock at The Oval i september 1972, men vart då framleis kalla «The Jeff Beck Group». Dette markerte starten på ein turné i Storbritannia, Nederland og Tyskland. Dei la ut på ein annan amerikansk turné i oktober og november 1972. I april 1973 kom albumet Beck, Bogert & Appice på Epic Records. Sjølv om det fekk god kritikk selde det ikkje så godt, utanom coverversjonen deira av Stevie Wonder-hitten «Superstition».

3. juli 1973 spelte Beck på ein konsert med David Bowie på songane «The Jean Genie»/«Love Me Do» og «Around and Around». Konserten vart innspelt og filma, men ingen av dei utgjevne utgåvene inneheld klippa med Beck. I oktober 1973 spelte Beck på songar for Michael Fennelly-albumet Lane Changer og var med på innspelingar med Hummingbird, eeit band som oppstod frå The Jeff Beck Group, men medverka ikkje på det utgjevne, sjølvoppkalla albumet deira.

Tidleg i januar 1974 spelte Beck, Bogert & Appice på Rainbow Theatre, som ein del av ein europeisk turné. Heile konserten vart send på det amerikanske radioprogrammet Rock Around the World i september same året. Denne innspelinga inneheldt songar bandet hadde tenkt å spele inn for eit andre album, og finst på piratkopiplata At Last Rainbow. Songane «Blues Deluxe» og «BBA Boogie» frå denne konserten kom seinare ut på Jeff Beck-samlinga Beckology (1991).

Beck, Bogert & Appice vart oppløyst i april 1974 før et andre studioalbumet deira (produsert av Jimmy Miller) var ferdig. Konsertalbumet deira, Beck, Bogert & Appice Live in Japan, vart spelt inn under konsertane deira i Japan i 1973, men kom ikkje ut før i februar 1975 på Epic/Sony.

Etter eit par månader gjekk Beck inn i Underhill Studio og møtte gruppa Upp, som han rekrutterte som akkompagnement for framføringa hans på BBC-programmet Guitar Workshop i august 1974. Beck produserte og spelte på det sjølvoppkalla debutalbumet deira, og det andre albumet deira, This Way Upp, men bidraga hans på det andre albumet var ikkje omtalt på plateomslaget. I oktober byrja Beck å spele inn instrumentalar ved AIR Studios med Max Middleton, bassisten Phil Chen og trommeslagaren Richard Bailey, med George Martin som produsent og arrangør.