Kidnappinga av vestlege turistar i Kashmir i 1995 var kidnappinga av norske Hans Christian Ostrø, amerikanske Donald Hutchings og John Childs, britiske Paul Wells og Keith Mangan og tyske Dirk Hasert i juli 1995 i indiskkontrollert Kashmir av ei gruppe som kalla seg Al-Faran. Gruppa kravde at militante islamistar i indisk fangenskap skulle sleppast fri. Gisselen John Childs rømde frå fangenskap etter fire dagar. Hans Christian Ostrø vart funnen halshogd i august same året. Dei fire resterande gislane er rekna for å ha vorte drepne, men dei er ikkje funne og lagnaden deira er ukjend.
Bortføringar av turistar i Kashmir 6. juni 1994, året før kidnappingane, vart to britiske turistar kidnappa i indiskkontrollert Kashmir av gruppa Harkat-ul-Ansar, men desse vart sleppte fri etter 17 dagar. Same året vart òg vestlege turistar kidnappa i New Delhi. Den fyrste turisten som vart drepen i Kashmir-konflikten av muslimske opprørarar var ein israelsk turist drepen i Kashmir i juni 1991, då gruppa han var med gjorde motstand mot gisseltakarane. I august 2000 vart tyske Rolf Harfurth funnen drepen etter at han vart bortført månaden før frå Ladakh. Muslimske opprørarar i Kashmir har elles nytta bortføringar som ein viktig framgangsmåte frå byrjinga av oppreisten mot det indiske styret.
Tidsline 4. juli 1995: Donald Hutchings, John Childs, Paul Wells og Keith Mangan vart førte bort frå turfylgjet sitt og tekne til fange nær byen Pahalgam 8. juli 1995: John Childs rømde frå fangenskap i ly av mørke og regnvêr. Dirk Hasert vart teken til fange nær landsbyen Zojipal, i det same området der dei fire fyrste gislane vart bortførte. Hans Christian Ostrø vart òg teken til fange i dette området denne dagen. 13. august 1995: Ostrø vart funnen halshogd nær ein kanal i landsbyen Seer av kvinner som skulle henta vatn. På han vart det funne ein trugsel frå Al-Faran om at dei kunne drepa fleire gislar, og dikt som Ostrø hadde skrive i fangenskap. 4. desember 1995: Abdul Hamid Turki, mannen som vart rekna som leiar for Al-Faran, og tre andre av dei opphavlege gisseltakarane vart drepne av indiske styrkar 11. desember 1995: ei melding som skal vera frå kidnapparane sa at gislane ikkje lenger er med dei
Kidnapparane Kidnapparane sa at dei var frå gruppa Al-Faran, ei gruppe som til då var ukjend. Medlemer av både indiske og amerikanske styresmakter meiner at gruppa var ei utbrytargruppe frå Harkat-ul-Ansar. Informasjon henta inn av CIA og FBI skal stø denne konklusjonen. Mannen som skal ha vore leiaren for gruppa, Abdul Hamid Turki, vart identifisert som afghansk statsborgar av den indiske hæren.
Lagnaden til dei siste gislane Det er uvisst kva som hende med dei siste fire gislane, Hutchings, Wells, Mangan og Hasert. Ein fanga opprørarar sa i mai 1996 at han hadde høyrt at gislane vart skotne den 13. desember 1995. Ein annan fanga opprørar sa i juni 1997 at dei fire gislane vart skotne i januar 1996. Ingen av opplysingane er stadfeste.
I månadene etter kidnappingane vart fleire observasjonar av dei kidnappa mennene melde inn, men ingen av desse vart rekna som sannsynlege av FBI, og dei førte ingen veg.
I 2000 sa indisk politi at DNA-testing dei hadde utført viste at eit oppgrave lik var gisselen Paul Wells, men britiske rettsmedisinarar meinte at liket ikkje høyrte til nokon av gislane.
I ei bok skriven av to britiske journalistar og utgjeven i 2012 vert det hevda at Al-Faran selde dei fire gislane til ein lokal krigsherre som kjempa på indisk side. Denne krigsherren fekk så gislane drepne.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Radiodokumentar av NRK frå 2018 om kidnappingane John Childs fortel om røminga frå Al-Faran Kim Housego fortel om bortføringa si i 1994 av Harkat-ul-Ansar (1997)
Kategori:1995 i India Kategori:Hendingar i 1995 Kategori:Kashmir-konflikten