Celeste er eit plattformspel utvikla og utgjeve av dei canadiske spelutviklarane Maddy Thorson og Noel Berry. Spelet var opphavleg utvikla som ein prototype i løpet av fire dagar under ein game jam, og blei seinare utvida til ei komplett utgjeving. Celeste blei utgjeve i januar 2018 til Microsoft Windows, Nintendo Switch, PlayStation 4, Xbox One, macOS, og Linux.

I Celeste kontrollerer spelaren ei jente ved namnet Madeline, som er i ferd med å klatre opp eit fjell samtidig som ho må unngå ei rekkje dødelege hindringar. I tillegg til å kunne hoppe og klatre opp vegger, kan Madeline gjere ein rykk medan ho er i lufta, som gjev ho større rekkjevidde. Denne rørsla kan berre gjerast ein gong og blir lada opp når Madeline landar på jorda eller råkar visse objekt.

Referansar

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Dataspel frå 2018 Kategori:Linux-spel Kategori:Macintosh-spel Kategori:Nintendo Switch-spel Kategori:Plattformspel Kategori:PlayStation 4-spel Kategori:Windows-spel Kategori:Xbox One-spel