Saint Catherine Parish er eit parish (tilsvarande fylke) på Jamaica som ligg sør på øya. Det grensar til Clarendon Parish i vest, Saint Ann i nord, Saint Mary i nordaust og Saint Andrew i aust. I sør har det kyst mot Det karibiske havet.

Spanish Town, som var hovudstad på Jamaica frå 1534 til 1872, er fylkeshovudstad. Andre større byar i fylket erPortmore og Old Harbour.

Dei fleste innbyggjarane i fylket arbeider innan jordbruk. Dei viktigaste produkta er sukker, rom, kaffi, banan, ris, sitrus, kakao og tobakk. Det finst også mjølkegardar i fylket, og fiskeoppdrett er ei næring som nyleg har vokse fram.

Det finst fabrikkar i fylket som handsamer jordbruksprodukta, som sitrus, ananas, soyabønner og sukkerrøyrprodukt. I tillegg har det aluminiums- og stålfabrikkar og ein tekstilfabrikk.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Parish på Jamaica