mini|Teikning av ein ubåt frå ubåtklassen Borej mini|Ein ubåt frå ubåtklassen Borej Borej (russisk Борей), eller Prosjekt 955, med NATO-nemninga Borei og Borej, er ein russisk ubåtklasse. Meininga er at Borej-klassen skal erstatte ubåtane i dei eldre klassene Kalmar og Akula, som vart bygde i sovjettida. Ubåtane er atomdrivne og kan skyte ut atomrakettar når fartøyet er neddykka. Klassen har namn etter vindguden Boreas.

Fartøy «Jurij Dolgorukij» Den strategiske SSBN-ubåten (K-535) «Jurij Dolgorukij» av Borei-klasse, ein koloss på 170 meter og toppfart på 25 knop. Ubåten vert driven av atomkraft og er i tillegg bestykka med 16 RSM-56 Bulava-missiler, som kvar kan inneholde opptil 10 stridshovud, sjølv om kvart missil normalt er utstyrt med færre. «Jurij Dolgorukij» har eit mannskap på 102 personar.

Hovudvåpen Dei ballistiske missila RSM-56 Bulava, 16 stykke, er hovudvåpen. Missila er i kategorien SLBM.

Sjå òg Liste over atomubåtar i teneste Ubåtklassar i teneste Liste over atomubåtar Russiske marinefartøy i aktiv teneste

Referansar

Kategori:Russiske ubåtar Kategori:Ubåtklassar Kategori:Ubåtar med atomreaktor