«Sweet Lady Genevieve» er ein song av The Kinks frå 1973 og albumet Preservation Act 1. Songen vart skriven av Ray Davies.
Tekst
«Sweet Lady Genevieve» er ein del av ein rockeopera og teksten vart sugen av Davies som «Omstreifaren», ein av hovdpersonane i soga. Omstreifaren ber her om tilgjeving frå dne tidlegare kjærasten, Genevieve. Forfattaren Andrew Hickey sa i boka si Preservation: The Kinks' Music 1964-1974, at songen var «Ray Davies sitt forsøk på å nå ut til den framandgjorde kona Rasa.» Omstreifaren dukkar opp att seinare på albumet på «Sitting in the Midday Sun».
Utgjeving Songen vart gjeven ut på singel i Storbritannia (men ikkje i Amerika, der han vart nytta som B-side til «Sitting in the Midday Sun») med «Sitting in My Hotel», (frå det førre albumet Everybody's in Show-Biz) som B-side. Singelen selde derimot dårleg og gjekk ikkje inn på lista.
Mottaking
Sjølv om «Sweet Lady Genevieve» ikkje selde godt, har han sidan blitt godt likt av musikkritikarane. Hickey hevda «det kan vere den siste verkeleg store Kinks-songen». AllMusic-skribenten Stephen Thomas Erlewine kalla songen «absolutt vedunderleg» og meinte han var «den verkelege kandidaten til Davies sitt gløymde meisterverk». Jason Josephes frå Pitchfork Media sa at «Sweet Lady Genevieve» er ein av «dei største singlane til Kinks, ein enkel folkrocksong du vil nynne på i dagevis». Songen er sidan gjeven ut på samlealbumet Picture Book.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sweet Lady Genevieve» frå , den 24. april 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:The Kinks-songar Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Singlar frå 1973 Kategori:Songar skrivne av Ray Davies Kategori:Songar produserte av Ray Davies Kategori:RCA Records-singlar Kategori:Folkrock-songar