Oslomet – storbyuniversitetet (tidlegare Høgskulen i Oslo og Akershus) er eit norsk statleg universitet med studiestadar i Oslo og på Kjeller i kommunane Oslo og Lillestrøm, og med kring 1 400 akademisk tilsette, kring 20 000 studentar og kring 800 teknisk-administrativt tilsette. Høgskulen i Oslo og Akershus var tidlegare den største høgskulen i Noreg og fekk status som universitet i 2018. Språkrådet tilrår skrivemåten Oslomet – storbyuniversitetet på nynorsk og bokmål.Navn på statsorganer og underliggende virksomheter, Språkrådet«Skrivemåten av universitetsnamnet Oslomet – storbyuniversitetet», 18. januar 2018, Språkrådet

Historie Styra ved Høgskolen i Oslo og Høgskolen i Akershus vedtok 9. desember 2010 å slå dei to institusjonane saman. Opprettinga av Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) vart vedtatt i statsråd 21. januar 2011. Den nye høgskulen blei offisielt opna 1. august same året.

I 2014 og 2016 vart dei tidlegare sjølvstendige statlege forskingsinstitutta Arbeidsforskningsinstituttet, Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring, Norsk institutt for by- og regionforskning og Statens institutt for forbruksforskning slått saman med HIOA i ei eiga eining, Senter for velferds- og arbeidslivsforskning (SVA).

Universitetsakkreditering HiOA leverte 22. februar 2017 søknad om universitetsakkreditering til NOKUT, med mål om å oppnå universitetsstatus innan kort tid. HiOA sende den endelege søknaden til Kunnskapsdepartementet 15. desember 2017, etter at NOKUT hadde konkludert med at institusjonen oppfylte vilkåra for universitetsstatus. 12. januar 2018 vedtok regjeringa å tildele høgskulen universitetsstatus gjeldande frå same dag.

Namn Den dåverande høgskulen gjennomførte ein lengre prosess om namneval ved vellykka universitetssøknad, der namna Aker universitet, Nova universitet og Profesjonsuniversitetet var dei opphavlege finalistane. Seinare vart namnet «OsloMet – storbyuniversitetet» lansert av rektor Curt Rice, og høgskulestyret vedtok å foreslå dette namnet med denne skrivemåten overfor Kunnskapsdepartementet med knappast mogleg fleirtal (6 mot 5). Namnet vart kritisert av Språkrådet og andre. 18. januar 2018 uttalte Språkrådet at den korrekte skrivemåten for namnet etter offisiell rettskriving er «Oslomet – storbyuniversitetet», og tilrådde alle å bruka denne skrivemåten. Namnet er skrive slik i den offisielle lista over namn på statsorgan. Språkdirektør Åse Wetås uttalte at «det er i strid med norske rettskrivingsreglar med store bokstavar midt i ord eller namn. Oslomet er ein statleg institusjon som skal følgja rettskrivingsreglar». Språkrådet presiserte at offentleg tilsette er forplikta til å skriva namnet Oslomet – storbyuniversitetet i tråd med offisiell rettskriving som fastsett av Språkrådet. I 2019 la kulturminister Trine Skei Grande fram forslag til ny språklov som gav Språkrådet styresmakt til å forby uheldige namn på statlege organ, og nemnde Oslomet som døme i media. Kulturministeren uttalte at «statsorgan må følgja norske rettskrivingsreglar» og at ho «håpar å setja ein standard»; ho presiserte at lova ikkje vil få tilbakeverkande kraft for institusjonar som Oslomet, men at det «går jo an å tenkja seg om ein gong til». Prop. 108 L uttalte at det i gjeldande rett «må reknast som ein bindande føresetnad at namn på statlege institusjonar skal følgja offisielle rettskrivings- og skrivereglar». I språklova som tredde i kraft i 2022 fastslår § 19 at det er Språkrådet som forvaltar den offisielle rettskrivinga for bokmål og nynorsk, medan § 10 fastslår at «offentlege organ skal følgja den offisielle rettskrivinga for bokmål og nynorsk» og vidare at også namnet til institusjonane «skal følgja offisiell rettskriving».Lov om språk Dette inneber at Oslomet og andre offentlege verksemder er lovpålagt å skriva namnet Oslomet med liten «m» fordi denne rettskrivinga er fastsett av Språkrådet i medhald av lova. Ein leiarartikkel i Aftenposten i 2021 påpeika at «framleis bruker institusjonen sjølv skrivemåten OsloMet, i strid med norske rettskrivingsreglar. Dette liknar logospråk av typen ’iPhone’ eller ’WhatsApp’». I 2022 uttalte språkdirektør Åse Wetås at namnet Oslomet ikkje ville vorte godkjend etter at språklova tredde i kraft fordi det ikkje oppfyller kvalitetskravet i lova til gode norske namn.

Plassering Oslomet har to studiestader: Studiestad Pilestredet (Frydenlund, Pilestredet park og Holbergs plass) og studiestad Kjeller. Frå 2014 til 2021 hadde dei også studiestad i Sandvika (Kunnskapssenteret i Sandvika).

Studietilbod Dei fleste av studietilboda ved høgskulen er profesjonsutdanningar. Høgskolen har halvårs- og årsstudium, over 50 bachelorstudium, 25 masterstudium og ei rekke etter- og vidareutdanningstilbod. I tillegg har Oslomet fem doktorgradsprogram og eit førstelektorprogram.

Organisering Universitetet har 4 fakultet med i alt 20 institutt.

Fakultet for helsefag Institutt for åtferdsvitskap Institutt for rehabiliteringsvitskap og helseteknologi Institutt for naturvitskaplege helsefag Institutt for sjukepleie og helsefremjande arbeid Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium Institutt for barnehagelærarutdanning Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning Institutt for internasjonale studium og tolkeutdanning Institutt for yrkesfaglærarutdanning Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO) Fakultet for samfunnsvitskap Institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag Institutt for journalistikk og mediefag Institutt for sosialfag Handelshøgskolen Kompetansesenter for arbeidsinkludering (KAI) Fakultet for teknologi, kunst og design Institutt for bygg- og energiteknikk Institutt for estetiske fag Institutt for maskin, elektronikk og kjemi Institutt for informasjonsteknologi Institutt for produktdesign

I tillegg finst det fleire forskingsinstitutt og senter som ikkje høyrer under fakulteta:

Senter for profesjonsforskning (SPS) Senter for velferds- og arbeidslivsforskning Arbeidsforskningsinstituttet AFI By- og regionforskningsinstituttet NIBR Forbruksforskningsinstituttet SIFO Velferdsforskningsinstituttet NOVA

Rektorar Kari Toverud Jensen var fyrste rektor ved den sammenslåtte Høgskolen i Oslo og Akershus 2011–2015. Curt Rice vart tilsett på åremål som rektor ved HiOA/Oslomet for perioden 2015–2019, og fekk fornya dette frå 2019 fram til 2023. I 2021 sa Rice opp midt i perioden for å bli rektor ved NMBU og Nina Waaler var fungerande rektor frå 1. august fram til 1. mars 2022. Då tiltredde nytilsett rektor Christen Krogh i ei åremålsstilling fram til 2027.

Universitetsleiinga omfattar i tillegg til rektor tre prorektorar: prorektor for utdanning, prorektor for forsking og utvikling, og prorektor for samfunnsforbedringar og samarbeid.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Oslo met Kategori:Skipingar i 2018 Kategori:Utdanning i Oslo Kategori:Utdanning i Akershus Kategori:Høgskolen i Oslo og Akershus