«Moving Pictures» er ein song av The Kinks på albumet Low Budget frå 1979. Songen er skriven av Ray Davies.
Tekst og musikk
Teksten på «Moving Pictures» fokuserer på korleis livet passerer forskjellige folk. Han klagar over korleis livet «alltid går på fram» og «at ingenting i livet vedvarer». Songen skildrar så live generelt med linjer som «we live, we die, no one knows why» og «life can sometimes not be very nice, but then you make your choice so you must pay the price.»
Songen har ein slags discostil som «(Wish I Could Fly Like) Superman», ein annan song frå Low Budget.
Utgjeving og mottaking
«Moving Pictures» vart gjeven ut som den andre singelen i Storbritannia frå Low Budget, med B-sida «In a Space», ein annan song frå albumet. Songen selde ikkje så godt og gjekk ikkje inn på singellista. Singelen vart ikkje gjeven ut i USA eller elles i Europa.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Moving Pictures (song)» frå , den 27. april 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:The Kinks-songar Kategori:Songar skrivne av Ray Davies Kategori:Songar produserte av Ray Davies Kategori:Songar frå 1979 Kategori:Singlar frå 1979 Kategori:Arista Records-singlar