Leonard Arthur 'Lenny' Davidson () er ein engelsk musikar, mest kjend som gitarist i The Dave Clark Five.
I følgje Mike Smith (songar og klaverspelar i DC5), såg Dave Clark seg om etter ein sologitarist og spurte Smith om han kjende nokon. Smith tilrådde Davidson og sa at det ikkje fanst nokon betre. Smith og Davidson hadde spelt i lag i eit tidlegare band.
Han var ein av tre medlemmar i gruppa som skreiv songar. Han skreiv hitten deira «Catch Us If You Can» i 1965 og medverka på fem andre songar på filmmusikkalbumet Having A Wild Weekend. Han skreiv òg på «Crying Over You» og «When» for albumet deira Coast to Coast i 1965. Han song solovokal på «Everybody Knows» i 1967, som nådde andreplassen på den britiske singellista.
Davidson vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i mars 2008 i lag med dei andre medlemmane i bandet.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lenny Davidson» frå , den 29. april 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Enfield Town Kategori:Engelske rockegitaristar Kategori:Rock and Roll Hall of Fame Kategori:The Dave Clark Five-medlemmar Kategori:Musikarar frå London