høgre|mini|Ein tysk type IXC undervassbåt under angrep av allierte fly i 1943. Eksplosjonen i bakgrunnen er ei djuptvassbombe sloppen av åtakarane. Biletet er teke frå eitt av dei angripande flya - merk mannskapet i tårnet til ubåten. høgre|mini|Obersteuerman Helmut Klotsch ropar på hjelp, etter at ubåten hans, U-175, vart senka av USC GC Spencer, 1943. Antiubåtkrigføring, frå engelsk anti-submarine warfare, forkorta ASW (på norsk nokre gonger AU, AntiUbåt), viser til deteksjon av, jakt på og eventuell øydelegging av ubåtar. Det finst ASW-system for både fly, helikopter og skip, i tillegg til ubåtar. Då «H. L. Hunley» i 1864, som første ubåt i historia, senka eit fiendtlig skip, hadde skipet ikkje noko å forsvara seg med. I dag vert det nytta avanserte system for oppdaging og uskadeleggjering av ubåtar.
Anti-ubåtvåpen kom først i stand litt ut i første verdskrig, etter at ubåtane verkeleg hadde vist sin kampverdi. Det første utstyret for å detektere ein neddykka ubåt var primitivt, men utviklinga sidan den gongen har gått raskt. I dag kan ein sonar oppdaga ein ubåt på lang avstand, alt etter støynivå, saltprosent, temperatur og liknande. I tillegg kan ein henta informasjon om fart, djup, avstand og kurs berre ved hjelp av passive system; passivt vil seia at systemet ikkje sjølv sender ut signal. Dei første våpna var enkle synkeminer, eit våpen som òg er i bruk i dag. Men det finst òg i dag avanserte «fire-and-forget» ('skyt-og-gløym') -torpedovåpen som søkjer seg fram til og kan uskadeleggjera ein ubåt heilt på eiga hand.
Bakgrunn og historie høgre|mini|Ein tysk type UC-1 ubåt, frå 1. verdskrig. Desse ubåtane var bygd som mineleggjarar. Statiske minefelt var ein stor trussel mot alliert skipsfart. ASW vart ikkje utvikla i takt med utviklinga til ubåten. Først under første verdskrig, då ubåtane for første gong verkeleg viste sit potensial i ein væpna konflikt, byrja dei krigføreade partane å utvikla anti-ubåtvåpen. Før dette hadde ein set på ubåtar som eit slag leiketøy for rike statar som hadde råd til det, og ein engelsk admiral notert òg at det var eit «damned un-English weapon» (eit «fordømt uengelsk våpen»).
Dei første anti-ubåtpatruljane som vart sett i verk i Storbritannia under første verdskrigen, var ikkje armerte med anna enn ein liten kanon og ein hamar. Hammaren var tenkt brukt mot periskopet til fienden, og var det einaste «våpenet» som kunne nyttast mot ein ubåt som var neddykka.
Ubåtar har den fordelen at dei opererer under vatn. Dette tyder at dei ikkje kan oppdagast med det blotte auget (med mindre ubåten går på periskopdjupn og nyttar periskop, snorkel, radarmast, ECM-mast eller liknande), og ei heller på radar. Dagens ubåtar kan operera under vatn i månadsvis, i motsetnad til tidlegare ubåtar som berre kunne vera neddykket for kortare periodar, rundt to-tre døgn.
Alle ubåtar produserer derimot lydar, støy, meir eller mindre. Dette er i fremste rekkje motorstøy frå fremdriftsmaskineriet, men det kan òg vera lydar frå pumpar, tømming og fylling av trim- og ballasttankar, og attpåtil kjøleskap. Til og med samtalar mellom besetningsmedlemmar kan avsløra ein ubåt. Lydar brer lett seg gjennom vatn. Dykkar ein under vatn kan det til dømes vera ein høyrar si eiga klokke tikka, sjølv om klokka er på armen og langt frå øyret. Lydar er ikkje anna enn ein fortetning og utstrekking i det materiet den brer seg i; i luft er dette fortetning av luftmolekyl, medan det i vatn vil vera fortetning og utstrekking av vassmolekyl – det vi kallar bølgjer. Dette kan utnyttast for å oppdaga der ein ubåt er.
Hydrofon og våpen før og under andre verdskrig høgre|mini|Anti-ubåtnett mellom Fort York Redoubt og McNabs Island, Halifax, Nova Scotia, Canada. Biletet er teke i 1942. Antitorpedonett fanst òg, og var i utstrakt bruk før, under og etter første verdskrig. Den første primitive hydrofonen vart utvikla under første verdskrig, og først teke i bruk i 1917. Den bestod, forenkla sett, av to mikrofonar på kvar sin side av eit skipsskrog som igjen var kopla til kvar sin høyttaler, plassert i eit hodetelefonsett som operatøren brukte. Kvar mikrofon var plassert på høvesvis styrbord og babord side på fartøyet (vanlegvis ein korvett eller fregatt). Dersom operatøren høyrde ein ubåt, måtte operatøren gje meldingar vidare til brua for å få endra retning på fartøyet. Mikrofonane var nemleg fastmonterte, slik at heile fartøyet måtte snue sin dersom ein skulle finna ut der ubåten var. Operatøren måtte sjølv, skjønnsmessig, bedømma når lyden var like sterk i begge høyttalerne. Det tydde i så fall at ubåten var rett føre fartøyet.
Systemet vart endå raskt forbetra. Det kom vridbare mikrofonar, og etter kvart vart hydrofonen plassert i ein bul under skroget, med ein kjenslevar «mikrofon» som kunne dreiast rundt 270°. Dette førte til at ein ASDIC-operatør kunne gje ein relativ peiling til ubåten, utan at fartøyet måtte dreiast, og kommanderande offiser kunne handla ut frå dei opplysningane som vart gjeve. I desse tidlegare årane av anti-ubåtkrigføring var ubåtane ofte støyande. Støy oppstod helst frå motorar, pumpar og liknande, men òg kavitasjon var eit stort problem. Kavitasjon gjev seg utslag i boblar som vert danna rundt og hengjer igjen i vatnet etter ein propell. Propellblada får vatna til å «fordampa», og dette dannar boblar. Når bobla sprekk, dvs. vassdampen går over til væske igjen, vert skapt det lydar. Denne lyden kunne oppfattast av hydrofonen.
Problemet som då oppstod, var korleis ein skulle angripa ubåten. Dei første ubåtane hadde lang dykketid: tida frå ein byrja å klargjera til dykking til ein faktisk var under vatn, var lang. Ofte måtte ein rigga ned store luftekanaler, og kanskje òg radioantenner. I tillegg måtte ein stoppa diesel/bensin/parafinmotorane, og starta dei elektriske motorane som dreiv ubåten under vatn. Medan alt dette pågikk var ubåten svært sårbar, og det var òg i desse tilfella at flest ubåtar vart senka, både under første og andre verdskrigen. Det beste vernet hadde dermed ein ubåt under vatn. Snorkelen, som gjer det mogleg for dieselelektriske ubåtar å operera under vann så lenge dieselbeholdningen rekkjer, kom ikkje i bruk før seint under andre verdskrigen, og då i den tyske marinen. Snorkelen var likevel heller ikkje nokon garanti for overlevelse. Ubåten måtte ved snorkling halda låg fart, og snorkelmasten var synleg på radar dersom bølgjene ikkje var alt for høge. Det var derimot ei stor forbetring frå tidlegare, då ubåten måtte dykka heilt opp for å lada sina batteri. høgre|mini|Ein K-gun vert ladt med ein synkemine, ombord på HMS Dianthus, 14. august 1942. K-guns var ein utskytningsrampe for synkeminer, som slyngte mina ut til sidan over rekkja på fartøyet. Dermed kunne ein dekka eit større areal med synkeminer, enn om ein berre droppa dem over rekkja atterut. Det var mogleg å angripa ein ubåt på overflata, med kanonar. Ubåtane hadde endå ofte små siluetter og kunne vera vanskelege å treffa, spesielt i høg sjø. Eit neddykket ubåt var derimot umogleg å angripa med kanonar. Ikkje berre fordi ein ikkje kunne skyta rett nedover, men òg fordi ein granat med ein fart opp mot 900 m/s vil sprengast i stykke i det den traff vassoverflata, på grunn av den høge densiteten til vatnet. Ein utvikla difor synkeminer, eller dyptvannsbomber om ein vil. Detta var store behaldarar fylt med sprengstoff, som sokk raskt og detonerte på ei angjeven djupn. Detta tydde igjen at ein måtte få ein nøyaktig posisjon på ubåten, slik at ein ikkje droppa synkeminene på feil stad. Synkeminer kunne gjera stor skade sjølv om dei ikkje traff direkte. Eit indirekte treff kunne rista ubåten kraftig, med lekkasjar og øydelegging av instrument, maskiner og motorar til følgje – i tillegg til skadar blant mannskapet.
Òg fly vart etter kvart utstyrt med synkeminer, men dei første anti-ubåtpatruljane med fly kom ikkje i stand før andre verdskrigen. Etter kort tid utgjorde flyene ein mykje større trussel for ubåtane enn overflateskip. På grunn av ubåtane sin ofte lange dykketid, kunne eit flyangrep vera over før mannskapet til ubåten hadde klart å gjera ubåten klår til å dykka. Snorkel var difor ei ettertrakta vare blant dei tyske ubåtkapteinane utover i andre verdskrig. Ubåtar utstyrt med snorkel hadde ein større sjanse til å overleva transitten frå hamnene vest i Frankrike og ut til sit patruljeområde i Atlanterhavet.
Frå rundt 1942 og til slutten av krigen, var spesielt Biscayabukten eit sterkt patruljert område. Allierte fly som opererte frå flybaser i England, patruljerte døgnet rundt dette farvatnet, som var eit havområde dei tyske ubåtane måtte kryssa for å koma ut i Atlanterhavet. Rundt 250 tyske ubåtar vart senka av fly under andre verdskrig, av totalt 1154 senka ubåtar, 293 dersom ein tek med ubåtar som vart senka i hamn av allierte bomberaid.
Andre våpen som vart utvikla, var akustiske torpedoar. Ved å utvikla torpedoar som kunne låsa seg sjølv inn på og følgja ein høg lyd, frå propellar og motorar, kunne ein skyta ut ein torpedo i ein nokoleis nøyaktig peiling mot målet. Torpedoen ville så følgja dette målet sjølv, så sant den kunne oppfatta lyden sterkt nok. Både tyskarar og dei allierte utvikla desse våpena mot slutten av andre verdskrig. Desse torpedoane vart brukt både av ubåtar, og mot ubåtar. Den amerikanske akustiske torpedotypen Mark 24 FIDO, senka 37 ubåtar og skadde 18. Mark 24 vart nytta både av fly og skip, og vart òg selt til kanadiske og britiske styrkar. Torpedoen vart teken i bruk i mars 1943. Dei tyske akustiske torpedoane var av typane G7es Zaunkönig T-5, seinare utvikla til T11. høgre|mini|Hedgehog, montert i baugen på HMS Westcott. Biletet er teke 28. november 1945. Eit anna våpen som vart utvikla, var Hedgehog. Detta var små sprengladningar som vart skutt ut i eit sirkelmønster ca. 100 meter føre båten våpenet var plassert på. Med detta kunne ein åtakar unngå å segla direkte over ein ubåt for å angripa, og trengde heller ikkje mista ASDIC/SONAR-kontakten med ubåten. Detta var eit stort framsteg, fordi ein tidlegare, ved angrep med synkeminer, måtte gå direkte over posisjonen til ubåten for å angripa. I slike tilfelle kunne ubåten snika seg unna ved å køyra motorane på full fart ein periode, medan åtakarane ikkje hadde kontakt med ubåten. Hedgehog var særs vanskeleg å unngå, fordi ubåten ikkje kunne høyra nedslaga frå dei vesle sprengladningane. Ulempen med hedgehog var at sprengladningane var forholdsvis små, og utgjorde ikkje ein stor trussel mot ein ubåt dersom berre éin av sprengladningane traff. Dei kunne endå gjera stor skade, men helst dersom mange traff.
ASDIC og SONAR, deteksjon av ubåtar ASDIC og SONAR er eigenleg to namn for same system. Sonar står for Sound Navigation And Ranging ('lyd-navigasjon og -avstandsvurdering'), medan ASDIC står for Allied Submarine Detection Investigation Committee ('Alliert ubåt deteksjon-undersøkingskomité'). Uttrykt ASDIC vart verande i bruk i britiske kretsar fram til etter andre verdskrigen, medan amerikanarane brukte SONAR om sitt system.
Desse systema vart teken i bruk mot slutten av første verdskrigen, men då som primitive system, i tilhøve til kva som vart utvikla seinare. Først under andre verdskrigen kom det verkelege gjennombrot i denne utviklinga – sjå Slaget om Atlanteren.
Deteksjonssystemene var både passive og aktive. Eit passivt deteksjonssystem sender ikkje ut nokon signal i det heile, men belager seg berre på deteksjon av, i dette tilfellet, lyd og støy frå ubåtar. Rekkjevidda avheng av utsend lydstyrke frå ubåten sjølv – ein heilt stille ubåt vil ikkje kunna oppdagast av eit passivt (lydar-)system, medan ein ubåt som går for full maskin under vatn, vil kunna oppdagast på lengre avstand. Deteksjonsavstanden her avheng av saltholdighet i vatnet, temperatur og så vidare.