mini|upright|The Remains (1966) The Remains er debutalbumet til det amerikanske garasjerockbandet The Remains. Det kom ut på Epic Records den 26. september 1966. Sjølv om albumet i stor grad vart oversett då det kom ut, har det med tida fått status som eit av dei betre albuma frå denne tida.
Bakgrunn
The Remains vart skipa i 1964 og etablerte seg raskt som eit populært band i New England, og heldt utselde konsertar for ein lojal fanskare. I 1965 nådde populariteten til gruppa eit klimaks og ho hadde fire regionale hittar for Epic Records og spelte på The Ed Sullivan Show. Før dei spelte inn debutalbumet hadde manageren deira, John Kurland, fått arrangert ei prøvespeling på Capitol Records den 26. mai 1966. I følgje gitaristen Barry Tashian var gruppa interessert i å byte selskap fordi «Hos Epic var me misnøgde med at me kjende oss som dei stakkarslege syskenbarna til Bobby Vinton, Ed Ames og The Yardbirds, som var dei bestseljande artistane til Epic på den tida». Prøvespelinga førte ikkje til platekontrakt og kom sidan ut på Sundazed Records som A Session with the Remains.
Innspelinga av albumet fortsette i midten av 1966, samstundes som The Remains førebudde ein turné i lag med The Beatles. I studio utforska dei forskjellige musikalske retningar som ein gitar-raveup på opningssporet «Heart», Jagger-aktige snerring på «Lonely Weekend», og den tidlege R&B-aktige hittane «Why Do I Cry?» og «Diddy Wah Diddy». Den mest fullendte songen på The Remains vert rekna å vere «Don't Look Back». Denne kom sidan ut på Nuggets: Original Artyfacts from the First Psychedelic Era, 1965-1968.
The Remains kom ut på Epic Records den 26. september 1966, men då var gruppa alt oppløyst. Som følgje av dette marknadsførte ikkje selskapet albumet, og det vart i stor grad gløymd, sjølv blant fansen til The Remains. Albumet vart gjeve ut på ny fleire gonger, først på det sjølvstendige selskapet Spoonfed Records i 1978, og så på CD i 1991 på Epic Records med bonusspor frå singlane deira. Albumet vart òg gjeve ut på Sundazed Records i 2009.
Musikkritikaren Richie Unterberger skreiv for Allmusic at dei «hadde mykje profesjonell finesse i dei angripande og skarpe songane sine, og høyrdest stundom ut som ei blanding av The Beatles og The Zombies med sine energiske harmoniar og blanding av gitar og elektrisk piano». Mark Kemp skreiv for Paste Magazine at «Hadde desse Bosston-gutane halde ut lenger enn debuten i 1966, kunne me kanskje ha kalla dei - og ikkje The Stones - det beste rockebandet i verda i dag. Slik som det er, er The Remains heilt klart det største av dei tapte banda i Amerika».
Innhald
Medverkande Barry Tashian - sologitar, vokal Vern Miller - bassgitar Bill Briggs - klaverinstrument Chip Damiani - trommer
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Remains (album)» frå , den 30. april 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Debutalbum frå 1966 Kategori:The Remains-album Kategori:Epic Records-album