The Kingsmen in Person er det første studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Kingsmen, gjeve ut i 1963. Albumet inneheld «Louie Louie», den største hitten til bandet. Jack Ely, songaren på «Louie Louie», deltek ikkje på andre songar på albumet, fordi han slutta før innspelinga starta.

Utgjeving og mottaking

The Kingsmen spelte inn «Louie Louie» i Northwestern Inc. platestudio den 6. april 1963.Blecha 2009, p. 137 Etter å ha blitt gjeve ut på Wand, «Louie Louie» gjekk inn på Billboard Hot 100 på ein 83. plass den 9. november og klatra raskt oppover lista.Marsh 1993, s. 100 Kingsmen prøvde å utnytte suksessen til songen og valde å gje ut eit heilt album, og det vart reservert konsertar ved nattklubben Chase den 15. og 16. november for å spele inn det som vart «The Kingsmen in Person».Blecha 2009, s. 147 Jack Ely, songaren på «Louie Louie», er ikkje med på nokre av dei andre songane på albumet, fordi han slutta før desse vart innspelt.Marsh 1993, p. 111 Wand ønskte å få albumet ut raskt for å få med seg julesalet..Blecha 2009, p. 148

Albumet gjekk først inn på Billboard Top LPs den 18. januar 1964, og nådde til slutt 20. plassen. Det låg inne på lista i litt over to år, 131 veker totalt, fram til 1966.

Albumet kom ut både i mono og stereo. I 1993 gav Sundazed Records og Bear Family ut albumet på CD med bonusspora «Haunted Castle», «The Krunch» og «(You Got) The Gamma Goochee».

Innhald

Salslister Liste (1963)PlasseringU.S. Billboard 20020

Medvrkande Lynn Easton: vokal, saksofon, trommer Mike Mitchell: gitar Don Gallucci: klaverinstrument Norm Sundholm: bass Gary Abbott: trommer Jack Ely: vokal, gitar (berre på «Louie Louie») Bob Nordby: bass (berre på «Louie Louie»)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Kingsmen in Person» frå , den 1. mai 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Debutalbum frå 1963 Kategori:The Kingsmen-album Kategori:Wand Records-album