Vladimir Volfovitsj Zjirinovskij () var ein kontroversiell høgreorientert russisk politikar. Han var leiar av det høgrepopulistiske «liberaldemokratiske» partiet.
Zjirinovskij var fødd inn i ein russisk-jødisk familie i Kasakhstan. Han studerte språk og jus ved Universitetet i Moskva, og det går rykte om at han jobba for KGB, sjølv om han har avvist desse rykta. I 1989 grunnla han Russlands liberaldemokratiske parti, som han sidan har leidd. Han har sete i den russiske Dumaen sidan 1993 og stilte til presidentvala i 1991, 1996 og 2000, og fekk høvesvis 8 %, 6 % og 2,7 % av røystene. Han var igjen kandidat ved presidentvalet i 2008.
Kategori:Russiske politikarar Kategori:Folk frå Almaty