Kick Out the Jams er debutalbumet til det amerikanske protopunkbandet MC5. Det kom ut i februar 1969 på Elektra Records. Det vart spelt inn over to konsertar i Grande Ballroom i Detroit den 30. og 31. oktober 1968. Albumet nådde 30. plassen på Billboard 200-lista og tittelsporet nådde 82. plassen på Hot 100. Sjølv om albumet fekk negativ omtale i magasinet Rolling Stone då det kom ut, har det sidan blitt rekna som ein viktig føregangar for punkrocken og i 2003 vart det rangert på 294. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.
Utgjeving
Medan «Ramblin' Rose» og «Motor City Is Burning» opnar med provoserande retorikk, var det opningslinja på tittelsporet som skapte kontroversar. Vokalisten Rob Tyner ropte ut, «And right now... right now... right now it's time to... kick out the jams, motherfuckers! før songen startar. Sjefane i Elektra Records vart støytt av denne linja og ønskte å fjerne ho frå albumet (og erstatta dei støytande orda med «brothers and sisters»), medan bandet og manageren John Sinclair vart kraftig i mot dette.
Den originale utgjevinga hadde «kick out the jams, Motherfuckers!» trykt på innsida av plateomslaget, men vart raskt fjerna frå butikkhyllene. To versjonar vart så gjevne ut, begge med sensurerte omslag, der den usensurerte lydversjonen vart seld bak skranken.
I tillegg nekta varehuskjeda Hudson's å selje albumet. Spaninga mellom bandet og Hudson's eskalerte til det punktet der kjeda nekta å selje noko album som helst frå Elektra eter MC5 trykte ei fullsidesannonse som i følgje Danny Fields «berre var eit bilete av Rob Tyner, og alt det sa var ‘Fuck Hudson's.’ Og annonsen hadde logoen til Elektra». For å stoppe konflikten og unngå ytterlegare tap, valde Elektra å droppe MC5 frå selskapet.
Seinare på året spelte Jefferson Airplane inn songen «We Can Be Together» for albumet Volunteers album, ein song med ordet «motherfucker». I motsetnad til Elektra, valde ikkje RCA Records å sensurere albumet.
Tydinga av tittelen
«Kick out the jams» er blitt teke for å vere eit slagord frå revolusjons- og frigjeringskampen på 1960-talet, ei oppfordring til å «sparke ut» forskjellige former for restriksjonar. I følgje gitaristen i MC5, Wayne Kramer, i eit intervju med Caroline Boucher i bladet Disc & Music Echo 8. august 1970, var ikkje tydinga så djup:
People said "oh wow, 'kick out the jams' means break down restrictions" etc., and it made good copy, but when we wrote it we didn't have that in mind. We first used the phrase when we were the house band at a ballroom in Detroit, and we played there every week with another band from the area. ... We got in the habit, being the sort of punks we are, of screaming at them to get off the stage, to kick out the jams, meaning stop jamming. We were saying it all the time and it became a sort of esoteric phrase. Now, I think people can get what they like out of it; that's one of the good things about rock and roll.
Mottaking
Då det kom ut skreiv kritikaren Lester Bangs ei kjend melding for Rolling Stone der han kalla Kick Out the Jams eit «latterleg, hovmodig, pretensiøst album». I nyare tid er albumet særs høgt akta og blir rekna som ein viktig påverknadsfaktor på rocken som kom sidan. Allmusic kalla det «eit av dei mest kraftfulle konsertalbuma som er laga». PopMatters-skribenten Adam Williams skreiv «Eg set mine pengar på at 'Kick Out the Jams' er ei av dei beste platene gjennomtidene. Det er ein strålande tidsportal til fortida, ei flytande glimt av eit band om hadde ballar til å handle etter ord» og at «ikkje noko anna konsertopptak har fanga dei primale elementa i rocke meir enn det første forsøket til MC5.»
Ettermæle
I mars 2005 kåra magasinet Q songen «Kick Out the Jams» på 39. plassen på lista si over dei 100 beste gitarsongane gjennom tidene. Same songen vart kåra til den 65. beste hardrockongen av VH1.
Innhald
Medverkande MC5 Rob Tyner – solovokal Wayne Kramer – sologitar, korvokal, solovokal på «Ramblin' Rose» Fred «Sonic» Smith – rytmegitar, korvokal Michael Davis – bassgitar, korvokal Dennis Thompson – trommer
Andre medverkande
Brother J. C. Crawford – «andeleg rettleiar» John Sinclair - «rettleiing», notat i omslaget Bruce Botnick - lydteknikar Robert L. Heimall, William S. Harvey - plateomslag Joel Brodsky – foto på framsida Magdalena Sinclair - fotografi inne i omslaget
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kick Out the Jams» frå , den 5. mai 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:MC5-album Kategori:Album produserte av Jac Holzman Kategori:Album produserte av Bruce Botnick Kategori:Konsertalbum frå 1969 Kategori:Elektra Records-album Kategori:Debutalbum frå 1969 Kategori:Plateomslag av Joel Brodsky Kategori:Acidrock-album 294 349