MIMAROPA er ein region på Filippinane som omfattar fleire øyar sør og sørvest for hovudøya Luzon. Namnet er danna frå førstestavingane til provinsane i regionen: Mindoro (delt inn i Occidental Mindoro og Oriental Mindoro), Marinduque, Romblon and Palawan.
Regionen blei skipa 17. mai 2002 då regionen Søre Tagalog blei delt opp i CALABARZON og MIMAROPA.
Ved folketeljinga i 2010 hadde regionen eit folketal på 2 744 671 på ei flatevidd av 27 456 km².
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «MIMAROPA» frå , den 7. mai 2018.
Kategori:Regionar på Filippinane