«Maybe I'm Amazed» er ein song skriven av Paul McCartney som først vart gjeven ut i 1970 på albumet hans McCartney. McCartney dediserte songen til kona si, Linda, som hjelpte han kome seg gjennom oppløysinga av The Beatles.

Sjølv om den originale innspelinga aldri kom ut på singel, vart eit konsertopptak av det seinare bandet til McCartney, Wings, frå konsertalbumet Wings over America gjeven ut på singel. Denne versjonen vart ein hit i USA, der han nådde Topp 10, og nådde 28. plassen i Storbritannia.

I 2011 rangerte Rolling Stone «Maybe I'm Amazed» på 347. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.

Historie McCartney skreiv songen i 1969, like før Beatles vart oppløyst. Han dediserte songen til kona Linda som hjelpte han gjennom den vanskelege tida. Sjølv om det meste av debutalbumet hans vart spelt inn i heimen hans i London, spelte McCartney inn «Maybe I'm Amazed» i EMI sitt Studio 2 i Abbey Road, same dagen som han spelte inn «Every Night». Han spelte alle instrumenta sjølv: gitar, bass, piano, orgel og trommer. Sjølv om McCartney avslo å gje ut songen på singel i 1970, vart han mykje spelt på radio verda over. Det vart laga ein musikkvideo med stillbilete av McCartney, kona Linda, stedottera Heather og dottera Mary, som først vart send i Storbritannia den 19. april 1970 og som ein del av ein episode på CBS Television sitt The Ed Sullivan Show.

Den originale studioversjonen av songen vert tona ut i staden for å bli avslutta, men McCartney skreiv seinare ei avslutning for konsertversjonar av songen. McCartney framførte denne først med Wings i Châteauvallon i Frankrike den 9. juli 1972.

Det vert rekna som ein av dei beste kjærleikssongane til McCartney og vart rangert på 347. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.

Konsertversjon

Eit konsertopptak frå 1976 på albumet Wings over America kom ut på singel med bandet til McCartney, Wings den 4. februar 1977 og nådde 10. plassen i USA på Billboardlista, og 28. plassen i Storbritannia. Det finst òg andre konsertopptak på albuma Back in the U.S. og Back in the World.

Innhald 7" «Maybe I'm Amazed» – 5:11 «Soily» – 5:10

12"-promosingel for Record Store Day 2013 Side A «Maybe I'm Amazed - Short Version (Mono)» – 3:43 «Maybe I'm Amazed - Album Version (Mono)» – 5:11

Side B «Maybe I'm Amazed - Short Version (Stereo)» – 3:43 «Maybe I'm Amazed - Album Version (Stereo)» – 5:11

Salslister

Vekeslister Liste (1977)PlasseringCanada RPM Top Singles9UK Singles Chart28 US Billboard Hot 10010US Cash Box Top 100Cash Box Top 100 Singles, 2. april 197710

Årslister Liste (1977)PlasseringCanada96US Cash BoxCash Box Year-End Charts: Top 100 Pop Singles, 31. desember 197794

Medverkande McCartney-versjonen Paul McCartney – solovokal, gitar, bassgitar, piano, orgel, trommer Linda McCartney – korvokal

Wings Over America-versjonen Paul McCartney – solovokal, piano Linda McCartney – korvokal, organ Denny Laine – korvokal, bassgitar Jimmy McCulloch – sologitar Joe English – trommer

Andre versjonar London-bandet Fickle Pickle gav ut «Maybe I'm Amazed» på singel i 1970 og fekk ein hit med songen i Nederlandet året etter.Chart history at Top40.nl Faces framførte songen på Fillmore East i 1970 og denne kom ut på albumet deira Long Player. Eit studioopptak art gjeven ut på singel før albumet kom ut. Den 27. mai 2011 heldt den offisielle YouTube-kanalen til Paul McCartney ein «Maybe I'm Amazed Cover-konkurranse», der brukarar kunne sende inn videoar av seg sjølv der dei spelte ssongen. Vinnaren var den som fekk flest 'likes'. «Troubleclef» vart kåra til vinnaren.Winner announcement on Paul McCartney Website 28. juni 2011 official website update Skodespelaren Keke Palmer og Jeremy Jordan framførte songen på filmmusikkalbumet til Joyful Noise. Billy Joel spelte inn songen for hyllestalbumet The Art of McCartney. Skodespelaren Jamie Dornan framførte songen i filmen Fifty Shades Freed.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Maybe I'm Amazed» frå , den 17. mai 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1970 Kategori:Singlar frå 1971 Kategori:Singlar frå 1977 Kategori:Paul McCartney-songar Kategori:Faces-songar Kategori:Wings-songar Kategori:Songar skrivne av Paul McCartney Kategori:Apple Records-singlar Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Songar produserte av Paul McCartney Kategori:Jem-songar Kategori:Norah Jones-songar Kategori:Billy Joel-songar Kategori:Sandie Shaw-songar Kategori:Petula Clark-songar Kategori:Lena Horne-songar Kategori:Elkie Brooks-songar Kategori:Nancy Sinatra-songar Kategori:Joe Cocker-songar 347