Palawanflugesnappar (Ficedula platenae) er ein sky, lite synleg liten fugl i flugesnapparfamilien, og er endemisk for øya Palawan på Filippinane.
Skildring Denne flugesnappararten har storleik typisk for slekta Ficedula, ca. 11,5 centimeter, men fjørdrakta er meir avdempa i fargene enn hos fleire andre Ficadula-artar. Oversida inkludert hovudet og gumpen er brunt til raudbrunt, halen er lysare oransje-raudbrun. Eit breitt område over brystet er òg oransje til raudbrunt. Elles er undersida lys brungul til kvit. Til forskjell frå det vanlege hos andre artar i slekta, er kjønna nokså like med berre små skilnader i farge på framhovudet.
Palawanflugesnapparar lever lågt i skogshabitat, opptil 1000 moh. Dei beitar insekt i klatrepalmar og bambus, opptil 10 meter over bakkenivå.
Populasjonen er estimert til å ligge mellom 6000 og 15 000 individ og er trudd å vere minkande. Arten er derfor klassifisert som sårbar.
Kjelder Clement, P. (2018) Palawan Flycatcher (Ficedula platenae) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 19. mai 2018
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Flugesnapparfamilien