«Mrs. Vandebilt» er ein song av Paul McCartney and Wings frå albumet Band on the Run. Songen vart ikkje gjeven ut på singel i verken USA eller Storbritannia, men kom ut i resten av Europa og i Australia.

Howie Casey spelar ein saksofonsolo på songen.

Det meste av songen vart spelt inn i Lagos i Nigeria og fullført i London.Bruce Spizer, The Beatles Solo On Apple Records (New Orleans: 498 Productions, 2005), 174.

Konsertutgåver McCartney hadde ikkje spelt songen på konsertar før ein gratiskonsert 14. juni 2008 i Kiev i Ukraina, etter at songen fekk mange stemmer i ei internettundersøking om kva songar han skulle spele.«Bill King, Good To See You, Mrs. Vanderbilt» , livejournal.com McCartney har òg seinare spelt songen.

Samplingar Forskjellige element frå songen, som «ho, hey ho», vart sampla på «Ho' Is Short for Honey» av 88-Keys i 2008 på albumet The Death of Adam. «Ho hey»-ropa vart nytta av The Lumineers på hitten deira «Ho Hey» i 2012.

Medverkande Paul McCartney – solovokal, bassgitar, trommer, gitar Linda McCartney – elektrisk piano, korvokal Denny Laine – gitar, korvokal Howie Casey – saksofon

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mrs. Vandebilt» frå , den 19. mai 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:Apple Records-singlar Kategori:Paul McCartney-songar Kategori:Songar produserte av Paul McCartney Kategori:Songar skrivne av Linda McCartney Kategori:Songar skrivne av Paul McCartney Kategori:Wings-songar