Venus and Mars er det fjerde studioalbumet til Wings. Det kom ut i 1975 som oppfølgjaren til suksessalbumet Band on the Run. Venus and Mars fortsette suksessen og vart eit springbrett for ein eitt år lang verdsturné. Albumet var det første til Paul McCartney som kom ut på Capitol Records.
Bakgrunn og innspeling Etter å ha spelt inn Band on the Run (1973) som eit tremannsband med kona Linda og gitaristen Denny Laine, henta McCartney inn Jimmy McCulloch på sologitar og Geoff Britton på trommer i 1974. McCartney hadde skrive fleire songar for det nye albumet, og valde å dra til New Orleans for å spele inn songane, og Wings kom dit i januar 1975. Før dei drog til New Orleans hadde Wings spelt inn tre songar i Abbey Road Studios i London i november 1974: «Letting Go», «Love In Song» og «Medicine Jar», som alle seinare vart overdubba i Sea Saint Studios mellom januar og februar.Perasi 2013, pp. 123–125
Så snart innspelinga kom i gang byrja McCulloch og Britton å krangle, og etter berre seks månader slutta Britton i bandet. Han vart erstatta av amerikanaren Joe English for å gjere albumet ferdig.Wingspan, 2001
Innspelinga vart produktiv med nok songar til heile albumet, i tillegg til fleire andre songar som vart framtidige B-sider, «Lunch Box/Odd Sox» og «My Carnival». McCartney valde òg å lenkje fleire av songane saman, slik The Beatles hadde gjort på Abbey Road, for å gje albumet ei meir kontinuerleg kjensle.
Utgjeving
Før albumet kom ut kom singelen «Listen to What the Man Said» i mai 1975. Venus and Mars kom ut to veker seinare til generell god kritikk og selde godt.McCartney: Songwriter s. 117 Albumet gjekk til topps i USA, Storbritannia og fleire andre land i verda (det same gjorde «Listen to What the Man Said» i USA) og selde fire millionar eksemplar verda over.
Plateomslaget, som syner to biljardkuler, som skal førestille Venus og Mars, vart designa av Hipgnosis.Thorgerson, S: Hipgnosis • Walk Away René, page 40. Paper Tiger, 1978.
To singlar til, «Letting Go» og «Venus and Mars/Rock Show», kom ut. Sistnemnde nådde nesten Topp 10 i USA, men gjekk ikkje inn på singellista i Storbritannia i det heile.
I september la Wings ut på den eitt år lane Wings Over the World-turneen.McCartney: Songwriter s. 118
albumet kom først ut på CD i 1983 på Columbia Records. I 1993 vart albumet nymastra og gjeven ut på CD som ein del av serien «The Paul McCartney Collection» med bonusspor. I 2007 kom ei digital utgåve av albumet på iTunes med dei same bonusspora. I 2014 kom albumet ut på Hear Music/Concord Music Group i fleire forskjellige format.http://www.paulmccartney.com/news-blogs/wings-reissue-venus-and-mars-and-at-the-speed-of-sound
Innhald
Andre spor
2014-utgåva Standardutgåve 2-CD; det originale albumet og 14 bonusspor på den andre plata. Luksusutgåve 2-CD/1-DVD; same som standardutgåva på dei to CD-platene ei bok på 128 sider med nytt intervju med Paul McCartney og mange fotografi tekne av Linda McCartney og Aubrey Powell (kalla «Nashville Diary 1975») og anna ein DVD med innhald som ikkje var utgjeven før, inkludert ein oiginal TV-reklame for albumet, klipp av bandet i New Orleans («Recording My Carnival» og «Bon Voyageur») og øvingar frå songane frå Venus and Mars i Elstree Studios («Wings At Elstree»); lenkje til nedlasting av albumet og bonusspor. Nymastra vinyl Høgoppløysleg digitalt album
Plate 1 Det originale albumet
Plate 2 – bonusspor
Plate 3 – DVD «Recording My Carnival» «Bon Voyageur» «Wings at Elstree» «Venus and Mars TV Ad»
Andre digitale spor tilgjengeleg via paulmccartney.com «Letting Go [Extended Version]» – 5:39 «Love My Baby [from One Hand Clapping]» – 1:16 «Rock Show [New Version]» – 6:31
Medverkande Paul McCartney – vokal, bass, guitars, klaverinstrument, piano, perkusjon Linda McCartney – klaverinstrument, korvokal, perkusjon Denny Laine – vokal, gitarar, klaverinstrument, perkusjon Jimmy McCulloch – gitarar, vokal, perkusjon Joe English – trommer, perkusjon Geoff Britton – trommer på «Love in Song», «Letting Go» og «Medicine Jar» Kenneth «Afro» Williams – congatrommer på «Rock Show» Allen Toussaint – piano på «Rock Show» Dave Mason – gitar på «Listen to What the Man Said» Tom Scott – saksofon på «Listen to What the Man Said»
Salslister
Vekeslister Liste (1975–76)PlasseringAustralske Kent Music Report ChartKent 19932Den kanadiske RPM-lista1Den nederlandske albumlista5Den franske SNEP-listaNote: user must select 'Wings' from drop-down.1Den italienske albumlista11Den japanske Oricon-lista9Den newzealandske albumlista1Den norske VG-lista1Den spanske albumlista1Den svenske albumlista2UK Albums Chart1US Billboard 2001Den vesttyske Media Control-lista11
Årslister Liste (1975)PlasseringDen australske albumlista8Den kanadiske albumlista5Den nederlandske albumlista27Den franske albumlista66Den italienske albumlista33Den japanske albumlista33UK Albums Chart5US Billboard Year-End57Liste (1976)PlasseringUS Billboard Year-End45
Salstrofé og salstal
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Venus and Mars (Wings album)» frå , den 20. mai 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1975 Kategori:Musikkalbum produserte av Paul McCartney Kategori:Album spelte inn i Abbey Road Studios Kategori:Album spelte inn i Sea-Saint Studios Kategori:Album spelte inn i Wally Heider Studios Kategori:Plateomslag av Hipgnosis Kategori:Capitol Records-album Kategori:Columbia Records-album Kategori:Wings-album Kategori:Nummer-ein-album i Frankrike Kategori:Nummer-ein-album i Canada Kategori:Nummer-ein-album i Spania Kategori:Nummer-ein-album i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-album i USA Kategori:Nummer-ein-album i New Zealand