Thrillington er eit album frå 1977 av Paul McCartney, under pseudonymet Percy «Thrills» Thrillington. Heile albumet består av instrumentale versjonar av songane frå Paul og Linda McCartney sitt album Ram frå 1971.
Historie Albumet vart spelt inn i juni 1971 - med McCartney som produsent - og var meint å kome ut kort tid etter. Arrangøren Richard Anthony Hewson vart spurt om å orkestrere albumet før Ram hadde kome ut. Då Paul og Linda valde å skipe Wings, vart albumet lagt på hylla.
I førebuinga av Thrillington, fann McCartney opp Percy Thrillington, og laga annonsar i forskjellige musikktidsskrift i Storbritannia for å skape blest rundt Thrillington.
Albumet kom ut i april 1977 og namnet til McCartney vart berre nemnt i omslaget som ein ven av Percy. Thrillington gjekk stort sett under radaren då det kom ut, men fekk ei melding i magasinet Rolling Stone.«Random Notes» Rolling Stone 2. juni 1977: 37 Det vart raskt kjend at det var McCartney som arbeidde under eit pseudonym og albumet vart eit samlarobjekt. McCartney innrømde rolla si for journalisten Peter Palmiere på ein pressekonferanse i Los Angeles den 27. november 1989 under verdsturneen hans.
Innhald
Medverkande Musikarar Richard Hewson – dirigent Vic Flick – gitar Herbie Flowers – bassgitar Steve Gray – piano Clem Cattini – trommer Jim Lawless – perkusjon Chris Karan – guica«Thrillington,» by Matt Hurwitz, Good Day Sunshine Magazine, 1995 Medlemmar av Swingle Singers og The Mike Sammes Singers, leia av Mike Sammes – korvokalRichard Hewson, personal interview with Matt Hurwitz, July 2015
Produksjon Percy «Thrills» Thrillington – produsent Richard Hewson – arrangør Tony Clark – lydteknikar Hipgnosis – plateomslag Jeff Cummings – plateomslag Clint Harrigan – notat i omslaget Phil Smee – design
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Thrillington» frå , den 21. mai 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1977 Kategori:Paul McCartney-album Kategori:Regal Zonophone Records-album Kategori:Capitol Records-album Kategori:Plateomslag av Hipgnosis Kategori:Musikkalbum produserte av Paul McCartney Kategori:Verk publiserte under eit pseudonym Kategori:Oppdikta musikarar Kategori:Album spelte inn i Abbey Road Studios